Å seie nei til nynorsken er å seie nei til kulturarv

Kjære Nord-Fron kommune med kommunedirektør Arne Sandbu i spissen.
Meninger

Før dokker tek valet om å bli språknøytrale eller ikkje, vil eg gjerne minne dokker på nokre få ting.

Fyrst og fremst vil eg som ung nynorskbrukar minne dokker på kor viktig det er at eg får møte mitt språk i min kvardag. Om dokker vel å gjere Nord-Fron til ein språknøytral kommune, vil dokker gjere at vanlege nynorskbrukarar får enda mindre eksponering for språket som står dei nærast. Opplæringsmålet i skulane i Nord-Fron er nynorsk, så å skulle endre kommunen til språknøytral er eit merkeleg val. La ungane møte skriftspråket sitt på alle plan! Bokmål lærar dei lett på fritida.

Å skulde på at det er “vanskelig å finne gode medarbeidere og kreve at de skal skrive nynorsk” blir eit tynt og tåpeleg argument for saka. Alle har gjennom skulegangen sin fått opplæring i begge målformene. Kvifor er dette plutseleg eit problem nå, i vår heildigitaliserte kvardag, når det ikkje var eit problem for 30 år sidan? Tilsett dei nye, gode medarbeiderane og minn dei på at Word har innstilling for å få retting på nynorsk, og også at ordbok.uib.no og ikkje minst fysiske ordbøker finnast i ein lokal bokhandel - eg vil anbefale å ta ein tur på Norli på Peer Gynt senteret.

Men det er ikkje berre fordi du vil svekke mitt hjartespråk og skuldar på medarbeidarar og produktivitet at eg blir sint og reagerer, kjære kommunedirektør. Eg blir sint og sur fordi det å seie nei til nynorsken er å svekke kulturarven vår. Å seie at tida er moden for endring er feil. Det er enda mykje hat mot nynorsk, og at nok ein kommune går eit steg lenger unna nynorsken ved å bli språknøytral i staden, er eit stort tap. Det har aldri vore viktigare å halde på nynorsken enn nå, spesielt etter FpU si kampanje der dei fremjar enda meir hat mot skriftspråket som yngre blir eksponert for og trur er greitt.

Sjølvsagt står eg her og er forferdeleg partisk - eg har vore leiar i Fron Målungdom alle tre åra eg gjekk på vidaregåande på Vinstra, og har ikkje tenkt å legge språket frå meg. I vår styrte eg eit bokprosjekt saman med Fron Mållag, der vi delte ut nynorskbøker til alle barneskulane og barnehagane som ønskja det. Til saman ga vi ut minst 200 bøker fordelt på 13 institusjonar i heile Fron, og folk var glade og nøgde! Berre synd det var vanskeleg å nå skulane og barnehagane gjennom postmottaket til kommunen, men at dokker ikkje sender vidare mailar som har noko med nynorsk og styrkinga av den i barnehagar og skular så eg må ringe til kvar enkelt institusjon har jo sjølvsagt ingenting med språknøytral kommune å gjere, eller?

Uansett kjem dokker ikkje til å vere ‘unge og hippe’ om dokker blir nøytrale. Det kjem berre til å gå negativt utover nynorsken. Alt treng ikkje vere perfekt her i verden, det viktigaste er at vi prøver, så hugs; ver eit førebilete, hald på nynorsken.