- Ser det har kome fleire innlegg om fylkesstrukturen. Her kjem det eit "frå andre sida", skriv Arild Teigen frå Kvam

Regionreformen framstår nå som ein fiaskoreform av ei anna verd - oppløys Innlandet .

Lærer, forfatter og lokalhistoriker Arild Teigen fra Kvam.  Foto: Tor Larsen

Meninger

Det raknar i Viken og nordfylka kjem til å delast opp att. I Vestfold-Telemark viser meiningsmålinger at ca. 70% er for deling. Til og med i mønsterfylket Trøndelag ,som frivillig slo seg saman, er det nå ugreit, sjølv om det truleg ikkje blir nokon oppdeling.

Kort sagt så dett heile reformen frå kvarandre som ei dårleg surra sylte. Då blir det på ein måte ufrivillig komisk at i Innlandet, der er det største partiet såre fornøgd med tingenes tilstand, og ynskjer attpåtil å halte vidare langs Innlandsvegen. SP-politikar Aud Hove kalla konstruksjonen Innlandet for «eit makkverk». Ein streng karakteristikk var det, men når ein ser kor skrøpeleg konstruksjonen var, har ho kanskje rett?

Tidlegare statsminister Erna Solberg har fått mykje låk kjeft for reformen, og som øvste leiar hadde ho sjølvsagt òg eit stort ansvar. Likevel er det noko urettferdig å velte alt over på ho. Det er ein kjent sak at Høgre aldri har vore nokon varm tilhengar av fylkeskommuna. Tvert imot så hadde nok Solberg helst sett ein reform der fylka vart fjerna, og i desse dagar er det heller ikkje vanskeleg å få sympati for det standpunktet. Regionreforma var nemleg ikkje eit Høgreprosjekt, det var regjeringspartnar Venstre sitt påfunn. Gode gamle Venstre, partiet som til ei kvar tid har større sjølbilde enn velgjaroppslutning. I regjering klarte partiet kunststykket å manøvrere fram århundrets største tullereform. Ein prosess som vart starta i absolutt feil ende, med ei løysing som ingen ville ha, og eit opplegg som totalt mangla legitimitet i befolkninga. Er det rart det er krig i Innlandet?

Så sitt vi her da, med verdas mest illeluktande stinkar av ein reform. Arbeiderpartiet i Innlandet har av mystiske årsakar teke på seg rolla for å lose denne elendigheita vidare. Dei mumlar noko om at det blir for dyrt å dele opp. Kor dyrt blir det å bli verande da? Som ein «forrett» skal folk i Gudbrandsdalen til dømes få vere med å finansiere oppgraderinga av Fylkeshuset på Hamer til 349 millioner kroner. Då er sjølvsagt ikkje overskridingane rekna med. Dette er slik ein ikkje pratar om, og den som dreg det fram blir skulda for å vere «usakeleg», «uopplyst» og «snever».

Bra er det da at vi i avisa Dølen kan lese at ein halvt resignert gruppeleiar for Arbeiderpartiet i fylkestinget, Hans K. Enge, ynskjer å vere bidragsytar til ein «opplyst debatt». Det er så ein blir sittande å lure på om mannen prøver å være ironisk. For få veker sidan ville Enge og partiet hans ikkje ha nokon debatt i det heile tatt, korkje om oppdeling av fylket eller folkeavstemning. Ein lyt da tru at det er med stor motvilje han nå har kasta seg ut på djupt debattvatn.

Enge har hittil faktisk vore det stikk motsatte av å være ein «opplysningens mann». Snarare har han i haust drive med verksemd i det politiske tussmørket. Han og leiinga i AP vart ikkje einige med samarbeidspartner SP om ei kuttliste i den vidaregåande skulen. Dermed sprang AP til Høgre, da dei viste at Høgre brydde seg vel filla om at tilboda i Gudbrandsdalen gjekk fløyten. Attpå dette gjekk så partia AP/H/MDG bak ryggen på skulane Vinstra, Otta, Gausdal og Lillehammer, og fekk fjerna fleire studietilbod i Gudbrandsdalen enn nokon anna stad i fylket. Lavmålet i denne historia var at elevar og ansatte aldri vart informert om dette stuntet med eitt ord. Heile opplegget var lysår frå den opplyste debatten Enge nå ynskjer. I etterkant stod Enge fram i avisa med ei forklaring som var tunnare enn flatbrød, utan at det har lagt ein dempar på mistilliten ute i skulane.

Kva har så denne «bakromsspolitikken» å gjere med fylkesstrukturen? Døme illustrer kva slags skulepolitisk linje eit fleirtall i fylkestinget nå stakar ut. Tilboda i distrikta skal vere salderingspost for å styrke dei i sentrale strøk. Dette er heilt i tråd med kjerna i regionreformen; sentralisering! For dette var nemleg aldri ein regionreform, det var ein sentraliseringsreform.

Risikoen da er at om Gudbrandsdalen, Valdres, og for så vidt resten av Oppland, blir med vidare på «Innlandsferda», så kjem vi truleg til å oppleve eit jordskjelv av strukturendringar i den vidaregåande skulen. Skulestadane er nok freda fram til neste fylkestingsvalg, om ikkje samarbeidsavtala mellom AP og SP blir kasta i Mjøsa før valget. I alle tilfelle ser ein allereie nå at både politikarar og byråkratar varslar at her kjem det «massive endringar», og svarteper skal sjølvsagt delast ut til regionane som har dei raraste dialektene.

Poenget mitt er difor: Om du ynskjer at barna dine i det heile tatt skal ha eit vidaregåande tilbud i nærområdet i framtida. Eller om du er raud, grøn eller blå demokrat, og ynskjer å forsvare folkestyret. Stem for Oppløysing av Innlandet!


Arild Teigen

Kvam