Alle har vi ulike barometer på kva som gjev meining i våre liv, og når tilværelsen vår er såkalla meiningsfull er livet som regel godt å leve. Som ei motsetning har vi det meiningslause. «Någå så meiningslaust» er eit utrop, ofte brukt når ein har fått ein beskjed av det sjokkarta og utrivelige slaget.

Ei stadfesting av det verste!

Så i søken etter det meiningsfulle, har alle i større og mindre grad meininger om kva som skal til for at livet skal bli, ja, så meiningsfullt som råd.

Ein del folk meiner noko om spent alt, og andre meiner ikkje stort om noko som helst. Andre meiner det same som folk dei trur at det er lurt å vere på lag med. Andre meiner mykje på bakrommet, men vil helst ha andre til å ytre meiningene for seg.

Altfor mange opptrer i meiningsflokkar, og gjerne mot ein syndebukk. Syndebukken kjem i mange former, og det gjer flokken også. For enkelte er det krise å meine det same som «feil» parti, og for andre er det ei «dødssynd» å meine noko anna enn «riktig» parti.

Å ha meininger er altså kompliserte saker.

Det kan til tider ofte verke som svært mange meiner mykje om det meste, og spesielt synleg blir det i sosiale medier. Eg trur dessverre heller at altfor mange held kjeft med det dei brenn for, og det er synd, for det er viktig i samfunnsdebatten at folk sine meininger blir synleggjort for å få eit bilde av kva som rører seg og kva slags haldningar som finns der ute.

Kvifor er mange så redde for å meine noko høgt? Er det redsla for å bli latterleggjort? Redsla for å ha for lite kunnskap? Eller er det frykta for at du får den store flokken mot deg?

Kanskje er det trasig å bli møtt med stillheit når du meiner noko, eller kanskje er du stappmett av hersketeknikkar når du ytrar deg. Eller kanskje har du fått «munnkurv» fordi nokon synes at meiningene dine ikkje passar seg i det offentlege rom.

Det er ikkje sikkert det er nokon av delane, du er heller dritlei av at det du seier skal bli tolka i verste meining.

For det er trass alt vorte den nye folkesporten!

Folk som meiner noko set i allefall noko på spel, og spesielt om du meiner noko som er av det politisk ukorrekte slaget. Kollektiv fordømmelse er ikkje uvanleg når ein meiner noko som er upassande. Om ein ikkje blir utsett for kollektiv fordømmelse for meiningene sine, så er det i allefall ei kjensgjerning at ikkje alle sine meininger blir like mykje vektlagt som andre sine.

Det kjem heilt an på kor stor flokken din er, kva slags status du har, eller kor viktig det er for andre å være med eller mot deg. Nokon har rett og slett blankofullmakt på dei «riktige» meiningene, medan andre blir latterleggjort same kor fornuftig det dei måtte meine er!

Ein del folk har betalt for å ha meininger, og dei veg tyngre enn andre sine meininger. Når da framtredande personer blir fornærma av meiningsmotstandarar, så kan det i beste fall bli oppfatta som litt komisk. Det er best å ligge unna scena om ein ikkje tålar å stå på den.

I staden for å bli fornærma, så kan det vere ein idé å ta ein diskusjon med dei som meiner ulikt med deg. Kanskje kan det til og med ende opp med at du utvidar horisonten din bittelitt. For det å være tolerant, er ikkje det same som å lytte til dei som meiner det same som deg sjølv.

Når til dømes folkevalgte (kategorien: dei som har betalt for å meine noko) går ut og vil vite «kva som er viktig for deg» så må dei faktisk meine noko med nettopp det.

Når menige mann da tar mot til seg og meiner noko om ein eller fleire saker så bør dei i det minste bli lytta til. Dei kan gjerne bli møtt med motargument, for meiningsutveksling har ingen vondt av! Men høyr nå etter kva folk meiner, og møt dei ikkje med tausheit eller arroganse. Det siste er ekstremt provoserande, og det er ei kjelde til at folk må ty til usaklegheiter for å nå fram med sitt budskap.

Det kan ikkje vere slik det at det er berre dei med god munnleg og/eller skriftleg framstillingsevne som skal bli høyrt, og ein skal ikkje bli utsett for fordømmelse berre fordi ein ikkje alltid klarar å bruke dei riktige og fine orda - og, det er ikkje berre politikarar, høgt utdanna og folk i «viktige» posisjonar som skal få lov å meine noko om temaer som opptek dei.

Det skal heller ikkje være slik ein må ha lese 1000 sakspapirer eller forskingsrapportar med kronglete og akademisk språk for ha lov til å meine noko om sakar i til dømes lokalmiljøet. Dei aller fleste har ikkje tid til å ha 100 prosent stilling på kommuna si postliste. Ei heller treng du å formulere deg korrekt eller pynte språket med populære ny-ord for å ha noko å fare med.

I mange tilfelle er saker komplekse, men i minst like mange tilfelle så er det nok å bruke sunn fornuft og hjertet om ein har eitt.

Uansett, det er trass alt betre å være meiningsfull enn meiningslaus. Om ingen høyrer etter, så rop ut meiningene dine likevel!

Ein kvar har plikt å meine noko, og alle eit ansvar for å ta til motmæle. Eller forresten det kan du meine kva du vil om!