Det er også rørande å sjå og høyre når eit barnekor stemmer i «Alle fuglar små de er» på 17. mai, eller når ein i bryllaup skal synge den rosa songen med heimesnikra tekst frå brudgom til brud på melodien «Mellom bakkar og berg», som alle kan.

Songen gjev oss ei kjensel av samhald, noko vi kjenner oss att i og som vi alltid kan ha med oss uansett korleis livet ter seg. Songen blir brukt i sorg og i glede, om det er gravferd eller bryllaup. Vi har norske songar, pop-songar, folkesongar, tullesongar og internasjonale songar. Uansett kva songar vi tenkjer på er det songar som fleire kjenner seg att i og som gjev oss ei kjensle av å høyre til.

Da eg gjekk i fyrste klasse på Marlo skule i Skjåk midt på 1970-talet starta og avslutta vi kvar einaste dag med ein song. Alltid. Ikkje nok med det, dersom timen vart for lang eller uroa i kroppen byrja å krible, vart vi utfordra av læraren om å opp til kateteret og synge ein song. Det var noko vi gjorde alle saman, gut eller jente. Det var eit skikkeleg kinder-egg. Vi fekk eit avbrekk i jobbinga, vi fekk trene på å stå framfor andre og framføre noko og vi bygde eit fellesskap gjennom songen.

Da eg gjekk på Toneheim Folkehøgskule på slutten av 1980-talet hadde eg eit fag som heitte «Musikk med psykisk utviklingshemma». Enkle songar med besifring og rytme var for mange ei stor glede og gav ofte ei god kjensle av meistring og det var eit språk den språklause kunne forstå.

I dag er det mykje mindre song i skulen. Dessverre er vi i ferd med å skusle bort songarven vår. Det er i barnehagen og i skulen vi legg grunnlaget for ein felles songarv. Det er songen i fellesskap som samlar oss og som gjev oss eit referansegrunnlag som vi har glede av heile livet.

«Barnas egen sangbok» som Jon-Roar Bjørkvold har skrivi har gjeve meg og mange ei enkel og stor glede som ein songskatt vi kjenner oss att i. Også boka «Det musiske mennesket», som handlar om kor viktig musikk er for mennesket si læring gjennom heile livet, har han skrivi. Nå peiker Bjørkvold på betydninga av songar i krig, at menneske i krigssituasjonar trøystar og styrker seg ved hjelp av tradisjonelle songar. Da må vi ha ein felles songarv og songskatt å ta av.

Nå er Ukraina i krig og dei har ein sterk songskatt som dei brukar. På slutten av 1980-talet var «Songrevolusjonen» i dei baltiske landa Estland, Latvia og Litauen viktig for deira kamp om uavhengigheit.

Vi treng songen i sorg og glede, i krig og i fredstid. Den har positiv effekt på læringsmiljøet og eigenverdi. Vi må halde songskatten vår oppe og ved like. Vi får ikkje noko demenskor i framtida dersom vi ikkje tidlegare har brukt songstemma vår, lært felles songar eller har ein felles songskatt å ta av. Derfor må vi rydde tid til ein liten song i ny og ne.

Aud Hove (Sp) for tida vararepresentant på Stortinget for Oppland – Utdannings- og forskingskomiteen.