Det er blanda på tvers av trinn, det vil seie 8.-10.klasse og elevar frå 12-15 år. Vi var på tur til Frankrike 17. – 21. oktober for å sjå kva vi kunne gjere betre på Vinstra Ungdomsskule med tanke på miljø, klima og forureining.

Ein av grunnane til at vi var på tur var for å sjå korleis vi på ein betre måte kunne jobbe med blant anna med søppelsortering og det biologiske mangfaldet på vår skule.

På den franske skulen vi besøkte, har dei eit prosjekt der dei plantar tre og gras for å få opp innsektslivet inne på skulegarden. Dei har også drivhus og grønnsakshage i skulegarden. Vi har sett på kva moglegheiter vi har for å plante nokre grønsaker som eventuelt kan brukes i kantina eller i mat og helse undervisninga, men på grunn av sesongane i Noreg må vi kunne ha det inne store deler av året.

Ein annan grunn til at vi var på tur, var at vi skulle bruke engelsk i praksis. Sjølv om vi i Noreg er ganske gode i engelsk, fann vi ut at vi er dårlegare enn vi trudde. Dei franske var heller ikkje så gode i engelsk, og når vi som ikkje har felles språk anna enn engelsk skal prate engelsk til kvarandre, oppstod det problem med kommunikasjon.

Det å oppleve ein anna kultur var og ein stor del av prosjektet. Vi budde saman to og to hos ein vertsfamilie og fekk mat hos dei og erfarte korleis dei lev. Vi fekk og prøve å vere på skulen deira, og ha fag saman med dei franske elevane.

Foto: Privat

Reisa varte i fem dager. Måndag tok vi tog til Oslo og frå der tok vi flyet til Paris, Charles de Gaulle, og frå der tok vi buss i tre timar vidare til Duclair.

Der møtte vi dei franske elevane på rådhuset i Duclair og hadde ein «kort» fransk samankomst som varte i omkring ein time. Deretter reiste vi til vertsfamilliane våre for å ete middag og gjere oss klare til ein dag på skulen.

Tysdag fekk vi omvisning på skulen, og var med dei franske elevar i ein vanleg skuletime for å sjå korleis undervisninga deira er. Den var eigentleg ganske lik som vår undervisning med lærar som prate og aktive elevar.

På slutten av dagen tysdag, frå 15-17, hadde vi gym før vi slutta på skulen og reiste heim til familiane våre. Fleire av oss reiste til ein litt større by, Rouen, som ligg omkring 20 minutt utanfor Duclair.

Onsdag hadde vi aktivitetsdag der vi fekk prøve å padle kajakk, skyte med pil og boge, spele touch Rugby og orientering. Det var skyfri himmel og godt og varmt med omkring 20 gradar.

Heile aktivitetsdagen var ein stor suksess for denne dagen førte oss meir saman, vi blei betre kjend. Då vi reiste heim, skifta vi vertsfamilier og fekk da meir innsikt i korleis dagleglivet til dei franske er.

Torsdag var vi på ein guida tur gjennom havneområdet i Le Havre. Her ligg den største hamna i Europa for lagring av containere. Etter lunsj køyrde vi el-sparkesykkel rundt omkring i byen, og var innom ein stad som heiter Hangar Zero der dei forskar på korleis dei kan gjenbruke materialet for å bygge blant anna hus.

Vi reiste tilbake til Duclair og som avslutning på dagen var vi på ei lokal burgerkjede, Burger Factory, der vi fekk ordentlege og gode hamburgarar. Der møtte vi også fleire av dei franske elevane som har hatt internasjonalt samarbeid på sin skule dei to siste åra. Deretter sa vi ha det bra til dei franske elevane sidan vi skulle reise med buss da klokka var fem fredags morgonen.

Fredag gjekk turen heim. Det var litt trist å ta farvel med dei franske elevane som vi hadde blitt godt kjend med, men det gjekk bra. Bussturen attende til flyplassen utanfor Paris, varte i tre timar.

På flyplassen åt vi frukost og fekk gå litt rundt på taxfree-en før vi tok fly til Gardermoen og tog attende til Vinstra. Vi har hatt ein veldig fin tur alle saman og gler oss veldig til dei kjem hit i mars.

Foto: Privat
Foto: Privat

Da vi var i Frankrike budde vi i forskjellige vertsfamilier, og når dei franske elevane kjem til oss, skal dei også bu heime hos familiar på Vinstra. I heimane der var det litt annleis enn her i Noreg, til frukost fekk vi ei god blanding av frokostblanding, croissantar og kjeks, medan her i Noreg har vi meir mettande måltider.

Dei et ikkje så ofte som vi gjer her, dei hadde tre hovudmåltid i løpet av dagen, men heller større måltid, noko som var veldig uvant for oss. Til middag tilpassa dei maten så det var akkurat nok til alle, og dei var opptatt av å ha svært lite matsvinn. Middagen var som oftast mellom klokka sju og åtte på kvelden.

Mange av heimene hadde eigne drivhus og grønsakshager og dyrka sine eigne grønsaker. For å spare strøm slo dei av lysa når dei gjekk ut frå dei romma dei var i. Det var óg forventa at vi skulle dusje kvar dag, men at vi ikkje skulle bruke for lang tid. I dei fleste husa hadde dei do og bad i forskjellige rom, og dei hadde berre eit bad.

Foto: Privat

Alle husa var tilpassa størrelsen til familien, og dei hadde ingen ekstra rom som ikkje var tekne i bruk. Det gjorde at fleire av oss måtte dele rom med dei franske elevane. Butikkane var èin del større, og dei hadde meir utval enn dei fleste butikkane i Noreg. Prisane i Frankrike var relativt like som i Noreg, men dei har dårlegare lønn og bruker jamt over mindre pengar enn vi gjer her.

Heile klassa i Internasjonal samarbeid er veldig takknemmlege for at vi fekk moglegheit til å reise til Frankrike, og vi gler oss veldig til dei franske elevane og lærarane kjem hit til Vinstra i mars.

Vi har eindel kontakt med dei via sosiale medier og i undervisning.