Eg har lenge tvila litt på denne påstanden og tenkt at før eller seinare må det vel koma ein skitur av det riktig fæle slaget, med kladdeføre, kalde fingre, punktert bil på parkeringa og strømtom telefon. Eller kanskje ein tur der ein helst skulle ha vore på ein heilt annan stad og gjort heilt andre ting, og så får ein alt dette i fanget når ein kjem heim på glatte skisko med kald sveitte på ryggen og tom mage. Ein skal vera forsiktig med å ta tak i viktige ting med glatte sko og på tom mage, men det er ein annan sak.

No har eg samla i underkant av 30 år med empiri på området, og framleis ser det ut til at dette er ein påstand som står seg irriterande godt. Ikkje for det, eg har hatt mange skiturar som har vore alt anna enn trivelege. Eg har fleire gongar tatt meg sjølv i å tenkje, halvt i irritasjon, halvt i triumf, at dette - ja dette er ein tur eg heilt sikkert kjem til å angre på. Endeleg!

Men så er det liksom gløymd så fort ein kjem seg inn att. Sjølv om dette er trykt presse må eg vel også innrømme at eg nok har vore på ein og anna skitur i staden for å gjera viktigare ting som eg kanskje heller burde ha gjort. Men eg har sjølvsagt ikkje angra på desse turane heller. Det er rart kor effektiv ein blir med litt ekstra press på tida og eit og anna sløvauga endorfin seglande rundt i blodbanen.

Den overførte tydinga av dette er lett tilgjengeleg. Det er stor forskjell på å slite og banne medan det står på, og på det å angre i ettertid. Du kjem aldri til å angre på at du tok oppvasken før du gjekk og la deg. Du kjem heller aldri til å angre på at du tok ordet i eit møte, tinga tannlegetime eller klypte plenen. Du kjem ikkje til å angre på at du takka ja til å bli med på noko nytt, eller at du takka nei til å bli med på noko du veit at ikkje er bra for deg. Vi har godt av å gjera litt fleire ting som er ubehagelege, ukomfortable eller til og med ting som gjer litt vondt - litt oftare.

Eg teiknar eit litt for enkelt bilete av verda viss eg påstår at vi kan løyse alle dei små og store problema våre med ein skitur eller et realt tak vårt eige nakkeskinn. Men eg trur ikkje det er så veldig langt unna heller. Kanskje ei slags karikaturteikning, om du vil. Hjernen vår har vent seg til å alltid kunne velja den enklaste utvegen. Vi treng ikkje å gruble, vente, prioritere, velja, konsentrere oss, avgrense oss eller kjede oss. Svaret ligg alltid i lomma.

La det vera sagt; eg er teknologipositiv og framtidsoptimist. Eg har trua på at min generasjon og neste generasjon og generasjonane som kjem skal greie å ta over familiar, samfunnet og verda på ein god måte, med god hjelp av alle teknologiske framsteg vi ser i dag. Men vi som er unge i dag må hugse å trene aktivt på å konsentrere oss, avgrense oss, utfordre oss og plage oss.

Det er nytt. Bestemor og bestefar sin generasjon måtte trene på å møte nye kulturar. Mor og far sin generasjon måtte trene på å bruke internett. Min generasjon må trene på å eksponere oss for ubehag. Det kan vera å lesa ein heil kronikk utan å ta opp telefonen når det blir kjedeleg eller vanskeleg. Det kan vera å halde ei framføring på skulen. Eller det kan vera å gå ein skitur i litt stri vind.

På dagar med litt stri vind kan det vera fint å ha dette vesle munnhellet til å minne seg på at det blir bra etterpå. Eg er ikkje alltid like flink til å overføre denne tankegangen til mindre lystprega gjeremål slik det kanskje framstår i avsnitta over, men eg prøver å minne meg sjølv på den langsiktige gevinsten.

Kanskje vil eg ikkje noko meir med dette innlegget enn å by fram far sin påstand om at du aldri angrar på ein skitur.

Så får den som måtte ønske gjera eit forsøk på å dementere denne påstanden, med ein viss fare for betring av fysisk og psykisk helse på vegen dit. Det kan vera på sin plass å avslutte med å sitere reingjetar og idrettsmann Halfdan Kluften: “Plåga ikkje du kroppen din, så plåga kroppen din deg.”