Det byrja å bli gnistrande kaldt nå endeleg, med von om sledaføre te jul. Det likte både nissen og hesten best. Det hadde sett stygt ut nå denne godvershausten. Før i tida så hadde det vore vinter lengje dette belet.

Da Rauhaugnissen skulle gå inn att hørde han med eitt såre hikst innved stugunova.

–Nemen, sit du her du da fall, spurde han engsteleg når han såg at det var ein tå nissungane sine.

–Kå er det som er så gale, eg trudde du hadde lagt deg eg nå gut.

–Å eg er så redd for at oss itte ska få graut te jul. Å så er eg reidd for at kua itte ska få gras au, ja høy nå da, meiner eg, tuta veslenissen.

Nissefar skjønte ikkje heilt samanhengen med det same. Han visste at guten sin hadde lært å lesa, men kom ikkje på at det kunne vore noko som hadde sti i avisa som gjorde guten uroa.

–Eg las i avisa her om dagen far, at det sku bli servert grøt i nissehagen på siste dagen før jul. Kå det e?

Ska få graut du fall. Det er nån som itte forstår at språket vårt er godt nok, ser du. Døm skjønne itte si eige dialekt synest det som. Hell så ska døm messom vera så fine på det dama. Verste er nå det at døm skriv så mange rare ord på engelsk au, omtrent som oss itte har ord for di sjølve! Nei fall, graut ska det bli ser du!

–Jamen det er itte så enkelt ser du. Om kua itte fer gras, så bli det ingen mjølk te å koke graut tå. Døm skriv at kua gresser, ja itte skjønne eg kå døm mene. Eg kan itte skjønne at kua ska like gress som døm skriv. Ellers så vil døm ha bort kua mange au nå, ho gurpe og fis for my skriv døm om!

–Ja, det er tullåt alt vorte veslguten min. Du må itte lesa alt detta, du skjønne det er itte sikkert det er sant alt. Kua ha yrta og fisi i alle år ho, å mange flere kyr hadde oss au før i tida. Da åt ho gras, å det som kjem ut att anten det er framma ell bak, det lyt gå sin gang. Da er ho med ti det store kretsløpet ser du. Fotosyntesa hete det visst. Å gresse ha ho alder gjort her omkring, her si oss at oss hamne med ku`n, ell sau og hest.

–Å det va godt å høre nissefar. Men så ha eg hørd at det bli mindre og mindre mjølk au, folk tru det er sunnare å drekke havremjølk. Men oss ha alder lærd om at havrin mjølke.

–Nei, der sa du det fall. Havremjølk har ingenting med mjølk å gjera! Havergraut er vel og bra, men mjølk, nei lell da gut! Det må te fæt og god mjølk frå kua ska grauten bli bra!

Nissefar tenkte på dette at nissungene te og med, finn ut så my nå for tida. Dei er på nettet visttnok.

- Men kå for eit nett da, eg ha itte sett någå anna nett en detta fillåte feskjegånet åt Grauphaugnissa eg, tenkje Rauhaugnissen.

–Du finn det på klimanytt dott no far, si nissungen. Eg skjønne itte kå denna dotten er hen men. Det står da eit punktum der berre!

–Ja, du har så rett fall, du ska itte bry deg om denna dotten du. Nei hørd slekt tull. Nå går oss inn å et e skott med kveldsgraut guten min. Å te såmmårs sleppe oss ut kua som før, på grønt gras. Det er nok «storfugglein» oppone himla som sleppe ut mest avgasse ser du fall min. Ja, å ælle døm som har det så travelt nedpå jordn her au. Det bli nok småprupp det kua og sauin sleppe ut, e forhold te alt som går på oli. Men det e godt å ha nån å skulle på ser du.

Ja skulde på, tenkte Rauhaugnissen. Var det ikkje tidspress dei skulda på dei som skriv bokmål istadenfor nynorsk?

- Jau, det kan eg godt skjønne, døm presse tida så hardt nå at det bli snart itte att nån ting tå ho, tenkje den gamle, gode nissen der han står og ser på nymånen. Eg er spent på om døm nån gong finn att tida eg, døm lete te og med ette ho. Itte rart at døm har det travelt!