Det er ein heilt riktig påstand; eg bur for tida på Harpefoss og har det heilt supert her. Likevel var det noko som skurra litt for meg da eg las denne korte setninga.

Eg har alltid sagt til folk som spør at eg er frå Kvam.

Kanskje har eg presisert at det ligg i Gudbrandsdalen til dei som ikkje har dei mest grunnleggjande geografikunnskapane på plass, men eg har aldri sagt at eg kjem frå Vinstra eller Otta. Og heller ikkje Harpefoss, sjølv om dette no faktisk er heimplassen min.

Kvifor er dette så viktig for meg?

Eg hugsar eit toga-party på Studentersamfundet i Trondheim. Eg vart sittande og diskutere politikk og samfunn (skulle berre mangle, iført kostyme frå demokratiets barndom) med ein annan student. Etter kvart vart eg rimeleg lei av at han ikkje såg verdi i nokon av argumenta mine, og til slutt spurte eg om han i det heile tatt meinte at det burde bu folk på bygda i Noreg.

Det svara han kontant nei til, så vi skåla og skifta tema.

Dersom vi meiner at ja, vi er tent med at det bur folk litt her og der i dette landet, så har vi allereie laga oss ein heil del kostbare og vanskelege utfordringar som vi pent må ta for oss og prøve å løyse. Han meinte nei, og i den konteksten var plutseleg alle argumenta hans veldig gyldige.

Eg legg til grunn at dei fleste av Dølen sine lesarar deler min enkle analyse på kva som er resultatet av vellykka distriktspolitikk, sjølv om mange sikkert er ueinige om vegen dit.

Men det ser ikkje så bra ut: den absolutt største utfordringa vi står over for i Midt-Gudbrandsdalen, anten vi meiner ei fotballdrakt skal vera grøn, blå eller raud, er at summen av desse draktene ser ut til å bli mindre i framtida. Færre folk i yrkesaktiv alder og fleire folk som treng hjelp frå folk i yrkesaktiv alder - det går ikkje opp!

Det er faktisk slik at vi er avhengige av at det flyttar fleire unge folk hit og at dei får ungar. Vi er kanskje sjølvforsynte på langrennsløyper og låvekonsertar, men ikkje på barn.

Vi deler altså stort sett dei same utfordringane i alle bygdene oppetter Gudbrandsdalen.

Er det da konstruktivt å kanalisere engasjement og innsats inn si eiga vesle boble og bygd? Kanskje kunne vi ha vore betre rusta for å møte mange av desse utfordringane dersom vi jobba enda betre på tvers av (eller utan?) kommunegrenser oss i mellom.

På nokre område trur eg dette er sant. Men uavhengig av kor kommunegrensene går, meiner eg det er svært viktig at vi bygger opp under og tek vare på det lokale engasjementet i kvar bygd og grend. Og aller viktigast er det dersom vi skal fjerne kommunegrenser ein gong i framtida - da er det mange bygdesamfunn som må kjempe om det same fokuset.

Men det lokale engasjementet er ikkje berre nyttig når det samlar seg og trommar i hop ein solid bunke med høyringssvar i ein eller annan lokaliseringsdebatt kvart fjerde år. Dette engasjementet, eller rettare sagt personane bak, er heilt uvurderlege for at det skal gå an å bu og trivast her.

Det er desse som skapar gode grunnar til å flytte hit for unge kvinner og menn som har lagt att prevensjonen i byen. Det skapar trivsel og ei kjensle av å høyre til. Det skapar grunnar til å reise hit og grunnar til å bli her.

Og til sist er det dette engasjementet som også skapar arbeidsplassar til dei som kunne tenke seg å bli her for godt.

Det blir ikkje ungar av gjennomfartstrafikk.

Det hadde ikkje vore tømrarfirma som omset for over 60 millionar kroner og gir arbeid til meir enn 20 personar i Skåbu utan eit brennande ønske om å få til noko akkurat der. Det er ikkje sjølvsagt at det blir arrangert julemarknad på eit hagesenter i Kvam.

Det hadde ikkje vore idrettsarrangement og aktivitet av internasjonal dimensjon i Kvitfjell, på Gålå og på Kvamsfjellet om det ikkje var lokale eldsjeler som jobba to arbeidsdagar på ein dag for å få til noko i bygda si. Det hadde ikkje vore mogleg å gå på afterwork i Vålebrua dersom dei som stod bak ikkje var interessert i å dele lidenskapen sin med andre sambygdingar og tilreisande.

At nokon er litt ekstra glade bygda si er ei heilt nødvendig drivkraft for dei som skal skape (og ikkje minst verne om) arbeidsplassar.

Denne drivkrafta treng vi også for få til aktivitetar, møteplassar og anna engasjement i lokalsamfunnet. Begge delar er viktig for at vi skal få folk til å flytte til Leinebakken, Lia og Brekkom.

Det er kanskje vanskeleg å jobbe i mot ein fallande folketalstrend, men motivasjonen får vera at dersom vi greier det, så er effekten sjølvforsterkande.

Oppfordringa er hermed overlevert; send ei julestjerne til nokon som har lagt ned ein innsats det siste året for at du skal ha det fint der du bur!