Dei tykkjer det er lite hensiktsmessig at 16-åringar må ta sertifikat med traktor å henger for å kunne kjøre ein ATV. Sjølv om dei ynskjer påbud med hjelm ved kjøring av ATV så er det noko med å sjå heilheita.

Før vi fløtta til Vinstra var det ei kolosal kjøring etter Skåbuvegen med alle slags framkomstmiddel. Det var som dei skulle kjøre rett gjennom soverommet vårt, og vi var ofte oppe og såg dei ved Korpberget og kryssa oss over at turen måtte gå bra.

Skåbuveigen har fleire krappe svingar og det har alltid gått sport i kven som kjører fortast.

Nå bur oss etter Gamle E6. Der er det stygg kjøring om dagen, men sjølvsagt mest på efta, kveld og natt. Fleire dågå i viku hentar vi elevar ved Sødorp skule. Der kjører ungdom nord og sør i kolosal fart, og det er livsfarleg å både gå å kjøre og krysse veigen på gangfeltet.

Vi er vel alle opptatt av sikkerheit å grenser ? Vil vi vera ein del av folket som for igjennom ei slik lov dersom nokon av ungdommen forulykkast ?

Å koma seg på sosiale plassar er sikkert noko alle ungdommar ynskjer seg, men da er det vel bedre å fremme forslag om billigare drosje ?

Ellers så har dei fleste av ungdommane foreldre eller andre pårørande til å skysse å hente. Slik erfarer eg er det tryggaste. Da observeres det kjøring over ein lav sko,og dei vaksne kan erfare kva som er realiteten. Sjå berre på spora etter veig og på Senterplassen ved Peer Gynt, så veit ein resten.

Det har aldri vore, eller kjøm til å bli for mykjy læring av noko slag, og lærdommen er lett å bæra. Trafikk, sikkerheit og grenser er eit av dei viktigaste elementa å læra seg. Kven som vil kan kome til vår parkeringsplass å oppleve fart å uforsvarleg kjøring. Dette er ikkje valgflesk.

Ei anna problemstilling er også viktig å få med. Skåbu vil beholde barneskulen sin. Noko vi må håpe dei gjer. Da ungdomsskulen og avvikling av den, var argumenta at Skåbuvegen var farlig å kjøre og det var for langt til skulen.

Veigen er fortsatt like farleg å fortsatt like lang. Snøggløysing for å kjøre ATV er derfor etter mitt syn ein feil vinkel, som trosser lov å regler.