I ei verd som er tilrettelagt sjåande må eg erfare sjølv eller nokon må synstolke for meg, altså forklare meg kva som skjer og kva som er rundt meg. Fokuset til ein som ser og fokuset til ein blind vil ikkje bestandig vere retta mot det same.

Den som ser er opptatt av det visuelle, eg er opptatt av lydar og stemmer. Med ulike utgangspunkt kan det oppstå misforståingar, både i møte med andre og i praktiske situasjonar.

Eg hugsar ei episode frå då eg var liten. Eg hadde vore med å køyrd slalåm i fleire år. Mamma køyrde bak meg og forklarte korleis eg skulle køyre ved å rope ut kommandoar som, høgre, venstre, legg deg meir over, og brems.

Eg likte å køyre slalåm, kjenne på farta, på skia som glei nedover bakken, samstundes som eg konsentrerte meg om å svinge slik mamma sa. Om ho heva stemma og høyrdest litt stressa ut kunne eg kjenne litt på hjartebanken. Kva er det vi svingar rundt, held eg på å krasje i noko?

Da vi kom ned bakken måtte eg berre spørre. Du mamma, sei meg, er det mange tre i slalåmbakken? Nei, det er ingenting midt i bakken, svara mamma forundra. Kvifor driv vi da og svingar heile tida?

Eg tenkte at eg måtte svinge for å unngå tre. For den som har sett at folk har køyrd slalåm i slalåmbakken, er det ein selvfølge at ein skal svinge att og fram, men for meg som aldri har sett ein slalåmbakke er ikkje det innlysande.

I møte med andre er det også mykje informasjon som må tolkast eller bli forklart. Om du skundar deg forbi meg på butikken, vil eg mest truleg ikkje helse på deg. Eg er ganske god på å kjenne att ganglag og stemmer, men i ein slik situasjon treng eg at du seier “hei”, og gjerne kven du er først, eller at nokon fortel meg at du går forbi. Da helsar eg sjølvsagt.

Det er mykje anna som spelar inn når eg treffer folk. I følge forskning (Kroppsspråk - eStudie.no) viser studie at språket, altså orda vi seier, berre utgjer rundt 30% av kommunikasjonen. 70% av det vi kommuniserer når vi pratar med andre kjem frå kroppsspråket vårt. Da seier det seg sjølv at eg og andre som ikkje ser fort kan gå glipp av noko, sjølv om vi tek i bruk andre sansar.

I ei samtale med andre vil eg lytte etter om stemma avslører kva slags humør personen er i, sidan dette vil gi meg eit hint om kva personen vil meg. Ei skarp stemme gjer meg vaktsam, avvæpnande smil går meg hus forbi. Medan ei glad røyst får meg til å slappe av, og eg tenkjer at dette er eit hyggeleg møte, denne personen vil meg vel.

Ulike forutsetjingar, perspektiv og fokus gir ulike tolkingar av verda rundt oss. Gjennom spørsmål, undring og gode forklaringar kan vi likevel sjå og forstå kvarandre.

Så, om du møter på meg, sei hei og eg skal helse attende.