Senterkvinnene er oppteke av at vi alle må gjera noko for å redusere klimaendringane, minske tapet av natur og biologisk mangfold, hindre forureining og minske avfall. Dei fleste bedriftar og organisasjonar tek no dette som eit utgangspunkt i sine planar og tenkjer langsiktig for å gjere si del av oppgava. De veit at krava til utslipp, ny teknologi, minska energibruk og dokumentasjon vil auke i tida som kjem.

Som politikerar må vi bruke same tankegang når vi lagar regelverk og planlegg både lokalt og nasjonalt. Vern av matjord, langsiktig forvaltning av naturressursar, vedlikehald av bygningar og infrastruktur,og gjenbruk av materialer er typisk Senterpartipolitikk. Vi må vera gode til dette nå, og vi må bli enda betre i framtida. Samstundes som vi må legge til rette for at næringslivet klarar sin del av jobben.

Og kvar einskilde av oss kan gjera mykje. Vi må tenkje globalt og handle lokalt. Ved å kjøpe lokalprodusert mat og andre varar reduserer vi varetransporten og bidreg til lokale bønder og næringsliv. Redusert matsvinn vil og bidra positivt for både klimaet og naturen.

Klesindustrien er og ein stor forureinar både i produksjonen og som avfall. Ved å klare seg med færre klesplagg, og slite dem litt lengre, kan kvar av oss bidra til ein positiv trend.

Plastavfall i havet og i jorda er eit aukande problem, og enkle grep som å plukke søppel, pante flasker og å bruke opp att bæreposane, kan og vera små steg i riktig retning.

Ingen kan redde jorda einsleg, men vi kan alle bidra med noko. Både i privatlivet vårt, på arbeidsplassen og ved å engasjere oss i partier og organisasjonar kan vi være med å gjøre en positiv skilnad.

La verdas miljødag vera ei påminning om at vi må ta vare på denne fine jordkloda vår, og for dei som kjem etter oss.