Bygdekvinnene er opptekne av god folkehelse. Difor har vi over fleire år engasjert oss for innføring av eit gratis skulemåltid for alle born og unge. Vi i Noreg har nok kunnskap om kva eit næringsrikt måltid i skuledagen har å seie for læring, skulemiljø, fellesskap, sosial utjamning og gode matvanar. No treng ein handling.

For fyrste gong har vi ei regjering som har lova at det gradvis skal innførast eit dagleg skulemåltid. I regjeringserklæringa heiter det at det skal innførast eit enkelt og sunt skulemåltid.

FN har nyleg slått fast at skulemat er ein del av løysinga for å nå FN sine berekraftsmål om nok og næringsrik mat til alle. Dei rår alle land i verda til å innføre skulemat i sin nasjonale politikk, og at skulematen vert tufta på lokal matproduksjon og matkultur.

Hittil har ikkje regjeringa iverksett noko tiltak. Lovnader må følgjast opp med konkret handling. Regjeringa må vise i praksis at dei meiner alvor med lovnadene sine.

I dag er det mange kommunar og skular som på ulike måtar byr skuleborna eit måltid i skuletida fordi dei ser at gir positive resultat for skulemiljøet. Ofte kan dette tiltaket vere i samarbeid med lokale frivillige organisasjonar. Fleire bygdekvinnelag bidrar her med si tid og sin kompetanse på lokal matkultur.

Dette er bra, men skal eit gratis tilbod til alle verte ein realitet, kan det ikkje vere eine og aleine opp til kvar enkelt kommune sin økonomi og deira prioriteringar, eller frivillig innsats.

Bak rapporten «Sunnere matomgivelser i Norge» frå 2020 står eit panel av 34 uavhengige norske ekspertar innan ernæring og folkehelse. Dei meiner at det hastar med å få nordmenn til å ete sunnare, og at eit skulemåltid til alle er eit av dei viktigaste tiltaka. Ekspertpanelet rår styremaktene til å påleggja alle kommunar å innføre eit dagleg sunt skulemåltid.

Regjeringa må sikre at det vert sett av midlar over statsbudsjettet slik at skular som er klare, motiverte og har gode planar, kan få starte opp allereie frå skuleåret hausten 2022.

Det trengs både budsjettmidlar og ein nasjonal plan for innføring av eit gratis skulemåltid for alle. Ein slik plan må gjere det tydeleg kven som har ansvar for finansiering og gjennomføring. Planen må gi gode råd og eksempel på sunne skulemåltid, og han må konkretisere samanhengen mellom FN sine råd og innføringa av eit skulemåltid i Noreg.

Og - du slest ikkje med ein du har delt eit måltid saman med. Skulemat har mykje for seg!