Altså; det ligg heilt klare forventningar her til denne strategien.

Det er stor variasjon i tilboda på dei ulike karrieresentra, men eit tilbod hindra ikkje at andre tilbod kan opprettast. På Gjøvik gjev dei blant anna barne- og ungdomsarbeidar. Dette er noko ein også kan sjå ved de andre sentra.

Men ein ting er heilt sikkert; det er alarmerande mangel på sjukepleiarar i heile landet og statistikken har forverra seg dei siste åra. Vi kjem til å få eit skrikande behov for «varme» hender i alle kommunar, og for mange er det allereie eit stort behov.

NAV si bedriftsundersøking, som gjeld mangel på arbeidskraft for 2022, viser at vi treng 5900 sjukepleiarar, 700 spesialsjukepleiarar og jordmødre og 2600 helsefagarbeidarar. Dette blir til saman 9200 personar - i tillegg kjem stor mangel på leger.

På Hadeland skal det byggast eit lokalmedisinsk senter og frå før av har vi eit i Nord-Gudbrandsdalen og eit i Valdres. Det vil vere heilt naturleg at vi gjer det vi kan for å kunne gje desentralisert sjukepleiarutdanning i desse tre regionane.

Dette påverker i høgste grad utviklinga i Innlandet, og fylkeskommunen burde, gjennom strategien, ta ei rolle for å medverke til alternativa vurderast. Det meiner dessverre ikkje fleirtalet i Fylkestinget i Innlandet. Ap, FrP, H og MdG ønska ikkje å støtte forslaget om fylkeskommunal involvering.

Vi er alle einige om at desentralisert utdanning er viktig, men vi i Sp meiner at sjukepleiarutdanninga hastar.