Denne veka vart det Eirik Reitan (15) frå Sør-Fron som stilte opp for ein stutt navneprat med lokalavisa si.

Eirik har navnedag 18. mai, saman med Erik og Erika. I følgje Wikipedia kan namnet Eirik tolkas til å bety «rik, mektig, hersker», stutt oppsummert.

– Har du feira navnedagen din før?

– Nei, eg har aldri feira navnedagen min før, men eg er nøgd med namnet mitt.

– Har du kanskje hatt kallenamn?

– Nei, det har eg faktisk ikkje hatt.

– Veit du kvifor eller korleis du fekk namnet ditt, Eirik?

– Eg trur eg fekk namnet mitt fordi det var det namnet mamma og pappa synest var det finaste til meg.

– Du er kanskje oppattkalla etter nokon?

– Nei, så vidt eg veit er eg ikkje oppkalt etter nokon.

– Du har eit ganske populært namn. Kjenner du mange som heiter det same som deg?

– Tja, eg veit berre om ein til som har same navn som meg, faktisk.