Høegh Eiendom as har selt aksjane i Gålå Eiendom AS til Solveig og Pål Egil Rønn. Transaksjonen vart gjennomført 30.januar 2015.

– Med salet av Gålå Eiendom AS har Høegh Eiendom fullført strategien om å avvikle alle sine engasjement innafor marknaden for hotell og fritidsbustad. Höegh Eiendom har vore opptatt av å sikre vidare drift og utvikling på Gålå og har forsiktig avhenda verksemda på Gålå etter kvart som vi har funne kjøparar, seier Westye Høegh, avtroppande styreformann i Gålå Eiendom AS.

Ambisjonar

Gålåvatnet har ikkje vore på lokale hender på over hundre år. Høegh eigedom har eigd Gålåvatnet sidan 70-talet. Nå er vatnet, saman med området rundt tårnet og skistugu igjen i lokalt eige.

– Vi har heile tida leitt etter nokon med ambisjonar, langsiktigheit og kapasitet til å utvikle området vidare. Vi trur Solveig og Pål Egil Rønn representerer nettopp desse kvalitetane og vi håper dei kan bidra til å skape ny utvikling på Gålå, seier Westye Höegh.

Måtte gripe mulegheita

Solveig og Pål Egil Rønn seier til Dølen at målet med oppkjøpet er å få til noko positivt for heile Gålå-området.

– Vi har seter på Gålå og har sterke kjensler for området. Høegh-familien sitt engasjement med Westye Høegh i spissen har betydd enormt for Gålå. Når dei ønskjer å selje er det spennande å gripe den mulegheita. Sjølv om vi ikkje har dei same finansielle musklane som Høegh, er vår ambisjon å bidra etter beste evne til områdets utvikling, seier Pål Egil Rønn til Dølen.

Opnar for garnfiske?

Gålåvatnet har i alle år vore ope for folk til å fiske med stong. Berre hotellet har fått fiske med garn, og har slik forsynt gjestane sine med fersk Gålårøye.

Nå kan det gå mot ei opning for at også bygdafolk og hyttefolk kan få fiske med garn på Gålåvatnet nå. Det har ikkje vore lovleg på 120 år. Nå håper nyeigarane å kunne bidra til utviklinga på Gålå.

– Gålå er etter vårt syn ein diamant som ikkje er ferdigslipt. Vi kjenner dei fleste som driv aktivitet på Gålå godt og ser fram til bidra i eit godt samarbeid, avsluttar Pål Egil Rønn.

Nøgd ordførar

I 2007 rasla Sør-Fron kommune og daverande ordførar Aksel Eng med sablane overfor Høegh Eiendom, og vurderte mellom anna ekspropriasjon for å få vatnet attende i lokal eige. Saken vart lagt død den gongen, men også ordførar i Sør-Fron, Ole Tvete Muriteigen, er glad for løysinga som nå er på plass.

– Eg er svært glad for at Gålå Eiendom AS, med tilhøyrande eigedommar på Gålå, blir overtatt av personar med sterk lokal tilhøyrighet, langsiktigheit bak investeringa, og ikkje minst med hjarta for Gålå, seier Muriteigen til Dølen.

Han peiker på at Høegh har betydd svært mykje for utviklinga på Gålå, og at dei også har hatt eit varmt hjarta for området.

– Det at dei har brukt så mange år på å avvikle engasjementet sitt, meiner eg tydeleg viser det. Som eksempel nemner eg gjerne den positive haldninga frå Gålå Eiendom AS til skimiljøet i Fronskommunane gjennom tomt og grunn til Skistugu på Gålå, lysløypa og løypenettet som er brukt under arrangement, seier Muriteigen. – Eg trur dette blir ei svært viktig brikke i den vidare utviklinga på Gålå, avsluttar han.