På under eitt år har nemleg dølarockarane i G-35 passert 105 000 nedlastingar på Spotify.

– Nå har vi passert 105 000 nedlastingar i 37 land – til og med i Nicaragua, seier ein storfornøgd Odd-Egil Mortensen til Dølen.

Han er ein av to fåvangingar i bandet. Andremann er bror Andre Mortensen, vokalist og keyboardist.

Til alle verdshjørne

Bandets siste plate, «Raklefanten», vart lansert på Fefor i desember i fjor. Da vart også G-35 sin katalog av gamle plater sleppt digitalt.

Sidan den gong har dei altså nådd ut til nær sagt alle verdshjørne med rock på klingande døl.

– I tillegg må det nemnast at vi er det bandet som har flest treff på innslaget frå NRK Innlandsscenen på Youtube, med 9000 visningar, seier Mortensen.

Sjå videoen frå innlandscenen øvst i saka. Der er også ein anna midtdøl, Roger Slåstuen frå Skåbu med på fele.

– Stong inn

Odd-Egil Mortensen seier det er godt å endeleg nå skikkeleg ut med musikken.

– Vi har driti på leggen så mange gonger. At det blir stong inn ein gong, slik at ein slepp å sitte med berre gjeld, er utruleg godt. Nå har det losna, og vi ser at sosiale medium er utruleg viktig. Nå er det viktig å spinne vidare på denne gode bølgja, seier Mortensen.

25-årsjubileum

I 2015 feirer forøvrig G-35 25-årsjubileum for utgiving av plata «Twist på ei ferist», ei innspeling med ei svært spesiell historie.

– Vi hadde lyst til å spele inn nokre låtar, men hadde ikkje noko tilgjengeleg studio. Derfor vart plata spelt inn i NRK sitt studio på Maihaugen, under journaliststreiken i 1990, seier Mortensen.

Arve Granlund, som den gong var sjef i NRK Oppland, slapp dølane til i studio, med teknikarar som ikkje streika.

Og journalistane som sat streikevakt på utsida?

– Dei var med og bar inn utstyret vårt, blant anna ein blytung B3 (orgel med stor O, red. anm.), ler Mortensen.

G-35 anno 2015. Foto: G-35