Elevar frå London er tanken, når Skåbu oppvekst nå har søkt og fått innvilga fylkeskommunale midlar til eit nytt steg på utviklinga av entreprenørskapsskulen.

Få elevar, mange idear

Oppvekstsenteret jobbar nå med å få på plass eit opplegg for britiske skuleklasser, som både involverer lokalt næringsliv og bidreg til å trygge busettinga i bygda.

– Vi har ein ungdomsskule som er liten, og ønsker større fagleg og sosialt miljø. Da har vi to løysingar; anten få skåbyggingane til å lage fleire ungar – bakdelen med det er at dei sjeldan kjem ferdig i ungdomsskulealder – eller vi kan få tak i elevar frå annan stad, seier entreprenørskapslærar Tori Virik Nøvik, som saman med rektor Ola Sletten forhåpentlegvis snart får «audiens» i London, framfor eit utval interesserte skular.

– Det er jo veldig spennande, både om vi greier det og viss vi greier det. Vi ser ikkje på andre alternativ nå, og vi har ikkje nokon garanti for at vi får napp, men vi satsar alt på det, seier Ola Sletten.

Han understrekar at tanken nettopp handlar om å spela på det dei har, og at dette er ein ide heilt i tråd med entreprenørskapskulen sin ide – der heile bygda og skåbusamfunnet blir ein del av løysinga.

Tar tak på ein god måte

Oppland fylkeskommune støttar forprosjektet, der oppvekstsenteret får på plass ei pakkeløysing med alt inkludert for eit vekesopphald i fjellbygda, og reiser over med ein presentasjon for skular, som dei nå er i ferd med å etablera kontakt med.

– Dette er noko vi absolutt ville støtte, vi opplever at det er innovativt, og at dei i Skåbu tenkjer veldig riktig i høve til å ta verda innover seg, seier Turid K. Løvik frå internasjonal avdeling, ved regionalenheten hjå fylkeskommunen.

Ho meiner dette kan vera liv laga, og applauderer at Skåbu greier å ta tak i problemet som folketalsnedgang er, og gjera noko med det, på ein så innovativ måte.

– Det kan heilt klart vera eit eksempel til etterfølging, også for andre skular. Det kan anspore andre bygdesamfunn til å prøve også, seier Løvik.

Løvik understrekar samstundes at det er tidleg ennå, og at dei er glad for å bidra, når Skåbu oppvekst skal prøve å søkje om såkalla mobilitetsmidlar frå EU, for ei vidare finansiering. Det fins program innanfor EU som kan vera aktuelle, mellom Erasmus+, som er eit utvekslingsprogram, fortel Løvik.

Framtid i bygda

Tori Virik Nøvik er glad for at Oppland fylkeskommune har signalisert så tydeleg at dei vil bli med å hjelpe til så ein får til eit såkalla Strategisk partnerskap med engelske skular, innanfor ramma av slike EU-program.

Ho forklarar at eit tverrfagleg utval allereie er nedsett, der næringssjef Egil Tofte, leiar i Skåbu utvikling, Per Steinar Brendløkken, og ein FAU-representant saman med Skåbu oppvekst er med. I tillegg vil ein samarbeidspart frå næringslivet bli invitert inn.

– Enteprenørskapsskulen skal vere ein aktiv part i bygda. Det er framtida til bygda og ungane det det handlar om; det er målet, og forhåpentleg også resultatet. Dersom dette kan resultere i styrking av næringslivet og ein levedyktig, god skule i eit levande bygdesamfunn, kan det ha stor verdi for Skåbu både no og i framtida, meiner ho.

Positive elevar

Elevane er informert om arbeidet som er undervegs, og tykkjer det er bra for skulen. Elevrådet på ungdomsskulen er veldig positive til prosjektet, sjølv om alle av dei kanskje ikkje kjem til å vera elevar lengre, om og når det blir ein realitet.

– Det handlar om at vi vil prøve å få tak i elevar frå skular i England, for at vi skal bli fleire elevar her, i periodar av gongen. Det kan hjelpa til for at skulen vår ikkje blir lagt ned, meiner Jørgen Varpestuen, som sit i elevrådet frå niandeklasse.

Han forklarar at dei engelske elevane skal vera med i nokre av skuletimane i løpet av ei veke i Skåbu. Hovudsakleg i dei praktiskestetiske/entreprenørielle faga.

– Vi kan få fleire vener, lære meir språk og få kontakt med folk utanom Skåbu. Det er bra for det sosiale også med fleire i klassa. Og læringa er tosidig, for samstundes som vi kan lære av dei, kan dei lære av oss, seier Emma Blekastad Risdal, frå tiandeklasse.

– Dei kan vera her ei veke om gongen på vinteren, dei har jo ikkje slik vinter som oss, og det er mykje vi kan ta dei med på her, seier Ida Iverstuen Blekastad frå åttandeklasse.

Det er snakk om isklatring, skiaktiviteter, kiting, aking, sledaferd med hest og ymse anna. Og alle er samde om at det vil vera ei kjempefin moglegheit til å få ei større kontaktflate med ungdom frå litt lengre vekk.

Dei er samde om at vinteren er den beste tida dei kan syne fram i Skåbu, og er kunne til og med stilt opp i jula, høyrest det ut til, for da er det så fint…

Skåbuelevane hr peila seg ut London. Der skal dei "hente" nye klassekameratar. Foto: Guro Vollen