Dei kjenner seg tilsidesett, manglar informasjon og fleire er sjukemeldt.

– Stillingane dei hadde, er så endra i innhald, at dei er å rekne som endringsoppseiingar, og skal utløyse same rettar som ordinære oppseiingar, seier advokaten til dei 17 tilsette, Fredrik Skyberg.

Ikkje kjent med konflikt

Driftsleiar ved Rondablikk/Robust Drift, Inese Stiebrina, møter Dølen på Rondablikk tysdag. Ho har vore her sidan 13. november, og kjenner ikkje til konflikta.  Stiebrina får tak i dagleg leiar i Robust Drift, Lasse Ryssland, som stadfester overfor Dølen at dei har motteke varsel om søksmål. Utover dette vil han ikkje svare på meir i telefonen, og ber om å få spørsmåla våre på e-post. Onsdag føremiddag minnar vi han om eposten, og ber han om å kommenter varsel om stevning og måten dei tilsette har vorte behandla av det nye driftsselskapet på. - Utover at det ikkje er eit nytt driftsselskap, har eg ingen kommentar, skriv Ryssland.

Manglande informasjon

Det var i etterkant av overtakinga frå Sparebank1, har driftsselskapet bytta namn frå Rondablikk drift til Robust Drift AS, og dei driv nå også eit akuttmottak på Vardåsen i Asker kommune. I følgje advokat Skyberg, er det òg eit element at dei nye eigarane dukka opp på hotellet før det var formelt overdrege, og at dei tok til å instruera dei tilsette i sitt arbeid. Dei tilsette har skildra for advokaten at dei har vorte kommandert rundt og vorte nedlatande behandla, av folk som var der på vegne av drivar og som dei knapt visste kven var.

Tilsidesett

Advokaten seier dei oppfattar det slik at dei tidlegare tilsette har vorte tilsidesett, og registrerer at det er tilsett nye arbeidstakarar i staden. Han ønskjer ikkje å gå inn på kvar dei er i prosessen mot eit eventuelt søksmål, og seier det er komplisert fordi det blant anna er så mange involvert.

– Samstundes er nettopp det ein styrke, det er ei sterkare sak når 17 kjem og fortel den same historia om å kjenne seg utskvisa, enn om berre ein person gjer det, seier han.

Les meir i Dølen torsdag.