Carl Henrik Grøndahl, som driftar historiebloggen til Fron Historielag, seier at for heimesida til historielaget er NRK-arkivet ein verkeleg skatt – og ein uvurderleg dokumentasjon.

– NRK sit på gull i sine arkiv, svært mykje av vår historie lever der. Da programma vart laga, var dei kanskje ikkje så spesielle, men 20 seinare er det verkelege godbitar – som gir oss attende liv vi har glømt og bilete som er vorte borte for oss, seier Grøndahl til Dølen.

Rekord etter NRK-filmklipp

I helga delte historielaget klipp frå midt på nittitalet om tradisjonsmusikk og forteljartradisjon på bloggen sin.

– Over 7000 har sett folkemusikkprogrammet vi la ut, på Facebook. Eg trur det er rekord. På heimesida er det så langt lest og sett av over 800, blant dei mest leste, fortel Grøndahl.

15/12: Adventskalender: c8W33j

Knytt til opphavsrett

Og NRK vil gjerne gjere meir av arkivet tilgjengeleg for lisensbetalarane.

– Jo, NRK ønskjer å gjere mykje av arkivet sitt tilgjengeleg for publikum. Og vi har ei avtale med opphavsrettsorganisasjonen NORWACO om at NRK kan legge alt arkivmateriale frå radio og TV frå før 1997 på nett, og bruke det verderlagsfritt om att i TV og radio, seier distriktssjef i NRK Hedmark og Oppland, Inger Johanne Solli til Dølen.

Avtala mellom NRK og NORWACO gjeld nokre år fram i tid.

– Men det er altså knytt opphavsrettsavtaler til veldig mykje av NRK-arkivet, det er jus, noko ein ikkje sjå bort frå, så det er ein lang veg fram til at alt er tilgjengeleg for publikum, legg Solli til.

Vil ha filmar frå Fron

For Fron historielag er historiske filmar ein ting. Dei ser også gjerne at frøningane bruker filmmediet til å fortelje historiar.

– Historielaget forsøker å få frøningane igang med å fortelje historie og dokumentere på video. Idag vil slike videoar kanskje vera velkjent for mange. Om 20 år er det skattar. Kor mange ganger har du tenkt at: "Å, vi skulle ha snakka med ho bestemor og spurt ho om så mangt før ho døde. Nå er det for seint". Med video har du den moglegheita nå. Og det er svært enkelt. Det held å bruke ein stødig mobiltelefon som kamera, seier Carl Henrik Grøndahl.

Fron historielag arrangerte videokonkurranse i 2014, og tre deltakarar var med. Men i 2015 var det ingen som ville vera med på historielaget si videokonkurranse.

– Vi trur det er fordi frøningane ennå ikkje heilt har fått taket på kor enkelt det er og kor verdifullt det er. Det er slett ikkje umogleg at historielaget prøver på nytt neste år.

Carl Henrik Grøndahl er ansvarleg for bloggen til Fron historielag. Foto: Bjørn Sletten (arkiv)