Vegsørvisanlegget på Vinstra skal i følgje Vegvesenet bli landets beste, og skal fungere som flugepapir på barnefamiliar.

– Målet er at ungane skal byrje å mase om Vinstra allereie når dei passerer Oslo eller Trondheim!

Det er i alle fall visjonen til prosjektleiar for E6 Biri-Otta, Øyvind Moshagen.

– Vi jobbar nå i siste fase med uteareal og grøntareal. Det vil bli ein «rastepark» i midten av anlegget. Vi trur det skal bli veldig flotte uteareal som både bilistane og lokalbefolkninga kan ha glede av. Målet er at barna skal trives, for trives dei, trives også dei vaksne, seier Moshagen.

Vegsørvisanlegget skal innehalde døgnkvileplass for inntil 60 vogntog, og rasteplass. Det blir terminal for busstopp, pendlarparkering, sykkelparkering, turistinformasjon og ein torgplass, opplyser vegvesenet.

Ny Statoil-stasjon

Men det er ikkje det einaste. Statoil byggjer ein av sine største bensinstasjonar på anlegget, og det blir ein av dei fyrste bensinstasjonane frå Statoil i ny drakt og med ny logo, fortel Moshagen.

21/12: Adventskalender: u6O23d

I tillegg kjem eit ganske stort kafé- og konferansebygg og hotell med 45 rom, fortel Terje Kojedal i Utstillingsplassen Eiendom, som står bak bygget.

– Bygget inneheld ganske mykje forskjellig. Vi går for å bygge eit vegsørvisanlegg med kafeteria og opphaldsplassar for trailersjåførar, i tillegg da eit hotell, seier Kojedal til Dølen.

Hotellet skal innehalde om lag 45 rom, opplyser Kojedal, og anlegget skal driftast av Øivind Frich og Jon Tømte (som driv Elgstua på Elverum, red. anm.). Kva for konsept kafeteriaen og hotellet skal ha, blir opptil drivarane, seier Kojedal.

– Vi har våre tankar om det, så litt i samarbeid med oss blir det sjølvsagt, men i hovudsak blir dette opp til drivarane.

Les meir i papirutgåva av Dølen denne veka.

Slik blir den nye Statoil-stasjonen på Vinstra sjåande ut. Foto: Archus arkitekter.