Det vart klart under eit folkemøte i regi av Statens vegvesen og Multiconsult på Vinstra onsdag kveld.

Å legge om biltrafikken frå gamle E6 frå Øvregate til Nedregate er den einaste moglegheita for at Vinstra skal kunne utvikle seg som tettstad og by, meiner Multiconsult.

Redninga for Vinstra

Det er redninga for Vinstra, meiner Bent Stensaker, arealplanleggar og arkitekt i Multicionsult.

- Eg konkluderer med at skal Vinstra overleve som tettstad og utvikle seg som by, må trafikken leiast ned i Nedregate. Det vil skape nytt liv og ny næring i ei gate med store utviklingsmoglegheiter, både historisk og bygningsmessig, seier Stensaker.