Den nye nettsida fortel mellom anna historia om Gudbrandsdal folkehøgskule på Kvam og Hundorp.

Det er Fron Historielag som informerer om dette på si eiga nettside.

– Mange har gått på Gudbrandsdal folkehøgskule før han vart nedlagd i 1987. Nå ligg det ei utstilling om skulen på nettet under Opplandsarkivet avd Maihaugen. Her er historikk og mange bilde, brev og artiklar, stoff om elevar og bygningar,  om Grundtvigianismen og Einbusamlinga. Det er berre fem år til 1000-årsminne for møtet mellom Dale-Gudbrand og Heiulag Olav. Her kan du også lese om festen ved 900-årsminnet i 1921. Dette er ei nettside som vil vere interesant for mange, skriv historielaget.