Attende på Øya-scenen:

Highasakite topper Øya-plakaten

Øystein Skar frå Vinstra kjem att til staden der han fekk den store skjelven i 2014.

Bandets eiget bilde frå konserten på Øyafestivalen i 2014.   Foto: Bilde lånt av Øystein Skar.

Nyheter

I førre veke annonserte Highasakite at dei kjem med nytt album i mai, samtidig som smakebiten «Someone Who´ll Get It» vart sluppe verda over, til jubel frå publikum og anmeldarar.


Suksess med Highasakite:

Musikalsk helsearbeidar

Øystein Skar har ofte følt at musikaryrket er ein egotripp. Men han veit også at det kan vera medisin for andre.

 

Nå er det klart at Highasakite spelar på berre nokre få festivalar i Norge i sommar. Deriblant Øyafestivalen, der Øystein Skar som spelar tangentar i bandet fekk den "store knekken" da highasakite spelte for 15 000 - 20 000 publikummarar der i 2014.

Her kan du høyre Highasakites nye singel, "Golden Ticket":


 

– Så nervøs har eg aldri vore før! Det var berre så vidt eg turte å gå ut på scena. Eg tenkjer stadig «her er det så sinnsjukt mykje folk». Det kjem som julekvelden på kjerringa kvar gong. Det er ikkje noko ein blir vant med, sa Skar til Dølen i eit portrettintervju jula 2015.

Berre nokre få festivalar

Nå skal han attende til Øya-scenen.

- I dag har vi gleda av å kunne offentleggjere nyheita om at Highasakite headlinar Øyafestivalen (Oslo), Pstereo (Trondheim), Bergenfest (Bergen) og Parken (Bodø), skriv managementet deira i ei pressemelding.

- Dette har vi gleda oss til å få lov til å fortelje! Utlandet tek veldig mykje av vår tid også det kommande året, men å spele på heimebane er som regel det som gir oss dei aller beste opplevingane. Ikkje berre er dette store festivalar med trufaste og gode publikummarar, det er også festivalar og byar som betyr mykje for oss på forskjellige måtar, uttaler bandet sjølv i ein kommentar.


Lengst på VG-lista:

Highasakite alene med liste-rekord

Highasakite er bandet som har ligget lengst inne på VG-lista, sida den ble etablert i 1967.

 

- Å kome attende som headlinar i 2016 føles veldig, veldig godt, og vi lovar å gjere vårt beste for å lage gode konsertopplevingar og ein minneverdig festivalsommar, avsluttar bandet.