Millionutbygging under jorda:

Krafttak i Harpefossen

Det er ikkje berre på overflata det foregår store byggeprosjekt i Midtdalen. Langt under jorda, i Harpefossen kraftverk, har dei pussa opp for 120 millionar kroner siste året.

Jan Magne Blekastad (t.h.) er ein av mange lokale høgt kvalifiserte montørar som deltek i arbeidet.   Foto: Bjørn Sletten

Vi blir aldri ferdige. Det er som å ha ein gamal bil det veit du. Berre at dette kostar litt meir.

Torstein Wangen

Stian Ruudsengen og Ingolf Rønningen i eit virvar av ledningar. Det er mange detaljar som skal på plass for at eg og du skal få strøm i kontakten.   Foto: Bjørn Sletten

Nyheter

Arbeidet i Harpefossen er ledd i ei storstilt oppgradering av kraftverka i fronskommunane. Utbetring av ventilkammer og aggregat ved Nedre Vinstra Kraftverk vart gjort i 2014, og nå pågår arbeidet med å skifte turbinar, to på Harpefossen kraftverk og deretter to i Øvre Vinstra kraftverk.

Gjer som 7000 andre – følg Dølen på Facebook!

Samla er det snakk om ei investering på 325 millionar kroner.

I Harpefossen aleine har oppgraderinga eit budsjett på 120 millionar kroner, fortel prosjektleiar Erik Hovemoen.

– Kaplanturbinane har vore i kontinuerleg drift i 50 år utan driftsproblem, men tida var inne for ei overhaling eller utskifting. Det vart valt å kjøpe inn nye turbinar som har om lag to prosent betre virkningsgrad og større slukeevne slik at effekten aukar med om lag 15 prosent. Årsproduksjonen aukar med om lag 7-8 prosent, men varierer i forhold til vassføringa over året, seier Hovemoen.

Betydeleg investering

Torstein Wangen er arbeidskoordinator på prosjektet, og saman med stasjonsleiar og SHA-koordinator Steinar Skar, blir Dølen med ned i djupet av kraftstasjonen som skaffar strøm til fleire tusen husstandar.

– Det er ei betydeleg investering som blir gjort her nede, og det er også ein del lokale entreprenørar som nyter godt av dette. Det er snakk om store oppdrag også for til dømes byggentreprenørar, seier Torstein Wangen til Dølen.

Bilete yter ikkje størrelsen på dei enkelte delane rettferd. Stutt sagt: Det er solide saker. 


Nå er GE et konsern

Gudbrandsdal Energi ble tirsdag offisielt omgjort til et konsern.

 

– Oppgraderinga inneber ein del store lyft og høge høgder, men ingenting er farleg når ein tenkjer sikkerheit heile tida, seier Steinar Skar.

Og det er verkeleg snakk om tunge lyft. Rotoren, som er den tyngste delen, veg aleine 165 tonn.

– Den gamle har stått i elva sidan 1965. Den blir nå skifta ut, sjølv om den ser ut som om den var sett inn førre veke, seier Torstein Wangen, og legg til: – Alle dei andre delane har vore tatt opp og kontrollert og blir sett attende i drift.

– Turbinen har stått der i over femti år. Held den nye like lenge?

– Håper er at det nye er like godt som det gamle. Dette er utstyr som er utsett for store påkjenningar, og det har stått lenge. Det er ingen tvil om at det er solid utstyr, seier Wangen.

For den som ønskjer å sjå den gamle rotoren (og kor lite den er sliti) er planen å få stilt ut den på plassen utafor kraftverket på Harpefoss.  

Millimeterpresisjon

Harpefossen kraftverk vart ferdigstilt i 1965 med Opplandskraft AS som eigar. Kraftverket vart den gongen installert med to aggregat på 50 MVA og har hatt ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 445 GWh, noko som tilsvarar årsforbruk til 22 000 husstandar. Kraftverket utnytter eit fall på 33 meter og kvar turbin slukar ei vassmengde på opp til 200 kubikkmeter i sekundet. Det er altså snakk om dimensjonar. Men sjølv om mykje av arbeidet er prega av store delar og tunge lyft, er det også snakk om millimeterpresisjon.

– Eg har ikkje tal på kor mange delar den består av i stort og smått. Det kan ein bli motlaus av å tenkje på! seier Wangen.

Nede i botn av anlegget driv fire karar med slikt presisjonsarbeid.

Den fyrste turbinen i kraftverket vart skifta vinteren 2015, mens den andre turbinen skal vera klar for drift i midten av april 2016. Da har Eidsiva Vannkraft lagt ned om 20 000 arbeidstimar på prosjektet. Andritz Hydro AS, med avdeling på Jevnaker, er leverandør av turbinane, men Eidsiva Vannkraft har ein erfaren og høgt kvalifisert montørstab og utfører sjølv mykje av monteringsarbeida.

– Her er det mykje kompetanse samla på ein stad, seier Wangen og peiker på karane som er i ferd med å montere opp att turbinen.

Som ein gamal bil

Ein månad tok det å demontere turbinen. To månader tek det å montere den att.

– Vi begynte på toppen og har tatt av del for del nedover til turbinpropellen, seier Wangen.

Eit møysommeleg arbeid. Og kanskje går det femti år før turbinen må skiftast ut att på nytt. Men sjølv om arbeidet til karane på kraftstasjonen har endra seg kraftig dei siste åra, blir dei ikkje arbeidsledige med det fyrste.


Starter i 2016:

Ønsker utbygging av Frya renseanlegg

Representantskapet for de tre midtdalskommunene går for å investere over 30 millioner i renseanlegget.

 

– Når vi er ferdige med dette prosjektet står utskifting av det interne høgspentanlegget i stasjonen for tur. Da blir det nok ein intens jobb, seier Steinar Skar. – Vi blir aldri ferdige. Det er som å ha ein gamal bil det veit du. Berre at dette kostar litt meir, ler Wangen.

Det er altså ei hektisk periode for Eidsiva Vannkraft i Midt-Gudbrandsdal, og så fort dei er ferdige med oppgraderinga på Harpefossen blir mykje av mannskapet fløtt over til Øvre Vinstra kraftverk, der ei tilsvarande oppgradering blir gjort i løpet av sommaren. Eit skikkeleg krafttak for kraftverka.

Denne saken var først publisert i papirutgava av Dølen 3. mars 2016. Abonnere på Dølen?