Tilbake til framtida:

Bygde unik retroautomat på skulen

I eit klasserom på VVS har ni dataelektronikkelevar bygd sin heilt eigen arkadespelautomat. Garantert den einaste i sitt slag.

På åttitalet var arkadehallen staden der ungdommane samla seg. Her er elevar og lærarar i 2 DEL på Vinstra vidaregåande skule samla rundt spelmaskina dei har laga – heilt på eiga hand.   Foto: Bjørn Sletten

Automaten skal ikkje støve ned på klasserommet. – Planen er at den skal stå i den nye kantina, men da må vi fyrst få ordna myntinnkast, fortel Daniel Aune (t.h.).  Foto: Bjørn Sletten

Nyheter

Retrobølgja rullar vidare. Anten det er 50-talets interiør og design slynga mot oss gjennom TV-ruta i seriar som Mad Men eller det er slengbuksas gjenkomst i motebiletet; Gamal kjærleik rustar aldri.


På topp i ny undersøkelse:

Best i dalen

Den videregående skolen på Vinstra rangeres som dalens beste, og på topp i Oppland.

 

I populærkulturen har dei gamle superheltane frå 30- og 40-talet som The Flash, eller 60-talets Doctor Strange og Spider-Man fått sin solide revansj dei siste åra. Milennium Falcon og Chewbacca er på vingane att. Disney lagde til og med ein heil film med hyllest til den gamle arkadehallen, «Rive-Rolf», og Steven Spielberg er i gang med filmatiseringa av tidenes nerdefest av ein roman: Ready Player One, der gamle arkadespel og 80-talsnostalgi står i høgsetet. Nå har nostalgibølgja også skylt over Vinstra vidaregåande skule.

– Heilt rått

Midt på golvet i klasserommet til 2 DEL, andreklasse dataelektronikk, står ein flunka ny arkadespelautomat.

– Det er ikkje mange på skulen som veit om at vi har bygd denne, seier elevane i 2 DEL, dataelektronikk. – Men dei som veit om det syns det er heilt rått, fortel elevane fornøgde mens dei syner fram vidunderet for journalisten.


Sveiset seg til seier

Elias Weikle fra Kvam er nybakt fylkesmester sveising.

 

På overflata ser spelautomaten akkurat ut som dei gamle automatane byungdom valfarta til arkadehallane for å henge rundt. Her i distriktet fanst det ikkje mange hallar, men på videosjapper og kafear rundt omkring kunne ein drømme seg bort for nokre få kronestykke.

Det var lærar Yngve Resset som kom opp med den ljose ideen om å la elevane bygge sitt eiget arkadespel. Heldigvis tente elektroelevane på alle pluggane. Sidan november har spelautomaten steg for steg nærma seg

– Eg tenkte at det ville vera ei fin avveksling, samtidig som vi oppfyller måla i læreplanen. Og motivasjonen har vore bra på dette prosjektet da elevane føler eit stort eigarskap til det ferdige produktet, fortel Resset.

Spelfantastar

At læraren sjølv har vokse opp med arkadespel var nok medverkande til at dette vart prosjektet. Men også elevane har et nært tilhøve til dei gamle spela og spelfigurane.

– Eg trur dei aller fleste i klassen har spelt slike spelkonsollar tidlegare. Alle i klassa er spelfantastar og har ein barndom med gamle spelkonsollar. Derfor var det «ja» med ein gong Yngve kom opp med prosjektet, seier elev Daniel Aune og viser dei ulike konsollane som er «mata» inn i maskina.


Deles ut i dag:

Drømmestipend til Lone

Lone Sigmond Eivindsdottir fra Sør-Fron vil torsdag 12. mai vil få tildelt Drømmestipendet 2016, på 10 000 kroner.

 

Commodore, Sega og Nintendo er namn som bør gi gjenklang blant speloppfostra midtdølar. Både Sonic, Super Mario og Donkey Kong har fått sin plass i elevane sin arkadespelautomat, for i motsetnad til dei originale automatane har denne mange spelmoglegheiter.

– Ja, her er det fleire val. Det er meir enn 25 spel samla, seier elevane.

Retrointeresse

Men om innhaldet er noko utvida, er utsjånaden tilnærma slik dei gamle automatane såg ut.

– Det er viktig at forma er retro, slik at folks interesse blir vekt, seier Aune.

Men retrobygging av gamle spelautomatar er det ikkje mykje av, i alle fall ikkje her til lands. Det er derfor litt av eit puslespel som ligg bak det ferdige spelet. I november starta arbeidet med teikning og konstruksjon av sjølve møbelet til spelmaskina som sidan vart bygd i listverk og finerplater, beisa og lakkert i ibenholt og blank klarlakk. Deretter var det tid for innmaten som mellom anna er innkjøpt frå Ebay. Under «panseret» finn vi mellom anna ein Raspberry pi2 (ein mikro-PC), SD Micro minnekort til operativsystemet, ein 22 tommar LCD PC-skjerm, datahøgtalarar med bass, spelkontrollknappar og joystick kjøpt frå EBay, strømkontaktar og leidningar. Og høgt i toppen blinkar logoen, flankert av Mario, PacMan, Bowser og Peach, signert 2 DEL.

– Ljoset og blinkinga har vi laga sjølv, seier elevane, og syner fram kodinga som ligg bak mønsteret.   

– Vi fann vi programvara til sjølve spela på ein nettstad som konverterer gamle spel til nye filformat, og forandra oppsettet på spela og fått dei til å kjøre som på dei gamle spelmaskinene frå kafetida og i spelehallane, fortel dei entusiastiske dataelevane.


Suksess med Highasakite:

Musikalsk helsearbeidar

Øystein Skar har ofte følt at musikaryrket er ein egotripp. Men han veit også at det kan vera medisin for andre.

 

Ein annan ting er vesentleg annleis enn dei gamle spelautomatane. Nemleg vekta.

– I forhold til den gamle som eg var utkommandert til Sinclair for å reparere for 30 år sidan, er dette ein revolusjon, smiler lærar Ivar Hølmen.

Big business?

Sidan den gongen har både spelehallane og arkadeautomatane vorte borte. Eit kjapt søk på finn.no fortel at det er langt mellom kuppa når det gjeld arkadespelautomatar. Eit firma i Grimstad produserer tilsvarande maskin som VVS-elevane har laga. Elles finst det ikkje ekte vare å få kjøpt.

– Korleis har det vore å gjere dette i skuletida?

– Det er artig å gjere noko litt meir enn å panke led-ljos. Det har vore interessant, lærerikt og nytt, fortel elevane.

Så spørs det om det blir big business av den nye kunnskapen. Uansett har dei planen klar: Det vidare prosjektet nå blir myntinnkast. For automaten skal ikkje støve ned på klasserommet.

– Planen er at den skal stå i den nye kantina, men da må vi fyrst få ordna myntinnkast. Tanken er at det skal koste fem kroner, fortel Daniel Aune.

Og om elevane tek ideen vidare og lagar fleire automatar blir kanskje kantina på VVS den nye arkadehallen i Midtdalen? Ready player one!

Denne saka var fyrst publisert i papirutgåva av Dølen. Abonnere på papiravisa?