Midtdølane har talt:

Rungande nei til samanslåing

Resultatet av folkeavstemminga om kommunesamanslåing er klart.

Mykje folk i vallokala søndag. Her frå Kaupanger i Ringebu.   Foto: Tone Sidsel Sanden

Nyheter

Søndag gjekk midtdølane til vallokala for å seie antan "ja" eller "nei" til ei samanslåing av Nord-Fron, Sør-Fron og Ringebu kommunar. Klokka åtte søndag kveld vart resultatet offentleggjort.

Nord-Fron

Ja: 37,6 %

Nei: 62,4 %

Frammøte: 49,4 %

Sør-Fron

Ja: 73,5 %

Nei: 26,5 %

Frammøte: 46,4 %

Ringebu

Ja: 25,7 %

Nei: 74,3 %

Frammøte: 54,8 %

Stemmefordelinga

Tala syner altså eit rungande nei til kommunesamanslåing både i Ringebu og i Nord-Fron. Ikkje overraskande er sørfrøningane langt meir positive til ei samanslåing.

I Nord-Fron stemte 1454 veljarar nei og 876 stemte for samanslåing.

I Sør-Fron er tala 875 stemmer for og 315 stemmer i mot.

I Ringebu er tala 1498 i mot og 517 for.


- Aldri opplevd slik trøkk

Allerede før dørene åpna, stod folk i kø for å stemme ja eller nei til sammenslåing av kommunene Nord-Fron, Sør-Fron og Ringebu.


Folkeavstemminga er rådgjevande, og det er til sjuande og sist kommunestyra i dei tre kommunane som tek den endelege avgjerda. Det skjer 14. juni. 


Slik var valdeltakinga

Rapportar frå dei ulike stemmelokala i løpet av søndagen tydde på at midtdølene verkeleg ville seie si meining om korvidt Ringebu, Nord-Fron og Sør-Fron skal bli ein kommune frå 1. januar 2019.


SE VIDEO:

Stor pågang i stemmelokalene i Midtdalen

Folk ønsker å si ja eller nei til sammenslåing av Nord-Fron, Sør-Fron og Ringebu.


Opptellinga syner derimot at deltakinga kunne vore betre.

2330 har stemt i Nord-Fron, av i alt 4718 røysteføre. Det betyr 49,4 prosents valdeltaking.

1192 har stemt i Sør-Fron, av i alt 2568 røysteføre. Det er 46,4 prosent frammøte.

2015 har stemt i Ringebu, av i alt 3687 røysteføre. Frammøtet var 54,8 prosent.