Støtte til entreprenørskapssatsing

Som eitt av ti prosjekt har Skåbu oppvekst fått støtte til sitt prosjekt for å få engelske skular til å ta ei veke i Skåbu.

Støtte til eit pilotår som besøksskule for engelske skuler til Skåbu oppvekst.   Foto: Guuro Vollen/arkiv

Skåbu oppvekst
  • Fjellsatsinga deler ut midler til verdiskaping og næringsutvikling i fjellområdene gjennom eit program som er finansiert av Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD).
  • Skåbu oppvekst har fått 450 000 kroner til eit "pilotår" gjennom satsinga.
  • I 2017 kjem truleg dei fyrste elevane frå engelske skular til bygda.
  • Pilotåret skal brukast til å lande ei bærekraftig og varig løysing, med ferdig pakka opplegg for engelske skular.
Nyheter

Forprojektet, som gjekk ut på å få presentert ei veke i Skåbu for engelske skular, fekk allereie i fjor støtte frå fylkeskommunen.


Vil hente elevar i London

Skåbu tenkjer stort for å bidra til fleire elevar på oppvekstsenteret gjennom vinteren.


Tre skular er med

Seinare har to av lærarane ved Skåbu oppvekst vore i Storbritannia for å presentere fjellbygda og kva dei kan tilby.

- To skular er interessert, ein London-skule, og ein skule på Isle of Wight, fortel rektor ved Skåbu oppvekst, Ola Sletten.

Går alt etter planen, har den eine skulen med elevar til Skåbu allereie veke 10 neste år.

Landar pakkeløysing

Nå skal forprosjektet sorterast og oppsummerast, før vegen vidare blir lagt. Midla dei nå har fått til pilotåret 2017 skal lande opplegget, slik at det er ei ferdig pakke for aktuelle skular. Sletten trur det vil bli enklare å selja inn opplegget til potensielle Skåbugjestar når ein har eit konkret opplegg som er utprøvd.

- Vi legg vekt på at det skal bli eit bærekraftig opplegg som kan gje ei varig løysing. Det er det desse midla skal gå til, seier han.



Besøksskule ved Skåbu oppvekst:

Bygda er beden med

I oktober vart det klart at Skåbu oppvekst har fått midlar frå fylkeskommunen, for å lokke engelske skular til bygda.