Med eit besøk på anslagsvis 230 personar laurdag og 200 sundag vart det omsetningsrekord for prestegarden i helga. Av dei åtti barn, som måla samanmed kunstnaren sundag.

- Laurdag hadde vi ein "all time high", med den beste dagsomsetninga nokon gong sidan starten, seier leiar av stiftinga Ringebu prestegard, som er inne i sin 11. sommarsesong og står som arrangør av sommarutstillinga.

Gode inntekter til stiftinga

Trekkplasteret i helga var opninga av utstillinga til biletkunstnar Marianne Aulie, kjent for sine "klovnebilete". Det er om lag 60-65 bilete av Aulie som er stilt ut på prestegarden, og i løpet av helga vart 18 bilete seld.

Høystad anslår at det kan dreie seg om 60 000 kroner til stiftinga, som har avtale om ein provisjon på 30 prosent av salssummen.

- Det er pengar som går rett inn i stiftinga og drift av prestegarden, seier han.

Sundag var så mange som åtti barn med på malekurs med Marianne Aulie.

- Satsinga på barn og kunst i prestegarden er ein åv våre hovudstrategiar, seier Høystad.

Involverer barn

Det var utstillinga "Kropppen", laga av barnehagebarn i Ringebu, som fekk kunstnar Marianne Aulie og mannan Aune Sand til å be ungar om å koma på malekurs i samband med opningshelga.

Dei var imponert over samarbeidet med barnehagen og involveringa av barn, og ville bidra.

Pedagogisk leder Guri Bø er prosjektleiar for "Barn som aktive samfunnsdeltagere" i Ringebu kommune, og  var overvelda over at så mange møtte fram på maledagen. Ho ser maledagen i samanheng med prosjektet, og sette pris på at Aulie og Sand baud på seg sjølv og ønskte å bidra på denne måten.

Fleire utstillarar

Utstillingsopninga laurdag var den andre i år, og fleire kunstnarar har prestegarden som galleri i sommar.

- Vi har utstilling frå Einar Sigstad, med både måleri og grafikk,  og frå Hilde Frafjord Brunvoll, med måleri, seier Høystad.

Han legg også til at arbeida til fåvangkunstnar Rune Amrud er fløtt inn i hovudbygninga, og montert på nytt.

Keramiker Nina Standerholen har også salsutstilling på prestegarden i sommar.

Saman med utstillinga til Marianne Aulie er det også stilt ut nokre bilete av hennar svoger, biletkunstnar Vebjørn Sand.

- I tillegg til kunstutstillingane er det også ei utstilling laga av Ringebu historielag, med bilete og materiell frå alle grendeskulane i kommunen, Vålebru vev har også utstilling, og i tillegg er den faste utstillinga om stavkyrkja verd å nemne, seier Høystad.