For Aurora frå Sør-Fron har HEST vore fremst i tankerekka sidan ho var tre år. Eit møte med ein fjording på den nederlandske landsbygda sette det heile i gang.

Hestejente

Sidan 2005 har familien van der Velpen frå Nederland budd i Norge, og hesten Aurora fekk før ho fylte ti år, var sjølvsagt med på flyttelasset, fyrst til Ringebu, seinare til Nyfløtt i Øverbygda. Den har etter kvart fått selskap av fire hestar til.

– Eg hugsar frå eg var lita at eg hadde «taumar» festa på framsetet i bilen, slik at eg leikte at eg var ute og rei når vi køyrde bil, fortel ho.

Realityserien med dei to skal gå på NRK1 fredagar frå 26. august, og Aurora og Marcel er eitt av seks par fedre og døtre med i serien. Mange har kanskje allereie sett glimt av dei i statskanalens eigenreklame for serien.

– Her skal seks hestejenter i alderen 16-25 år lære fedrane sine å ri. Jentene har brukt mesteparten av livet sitt på hesteryggen, medan fedrene knapt har prøvd å sitte på ein hest før, skriv NRK om programserien, som er produsert av Nordisk film og tv.

Les meir i Dølen torsdag