To menn funne døde

To menn frå Midt- og Nord-Gudbrandsdalen er funne omkomne på Øyvatnet.
Nyheter

Det var tysdag morgon at det vart innleia søk etter to menn som ikkje var kome til rette ved Øyvatnet. Tre båtar frå Oppland Røde Kors, Airlift frå Rygge og Luftambulansen deltek i søket.

Det vart  raskt gjort funn av ein båt tilhørande dei to sakna på Øyvatnet, og like før klokka 08.00 tysdag morgon meldte politiet at ein mann var funnen omkomen og at søket held fram.

Øyvatnet er ein del av Vinstervatna, som ligg både i Nord-Fron, Sør-Fron og Øystre Slidre.

- Ein er bekrefta omkomme, men vi leiter vidare på land og i vatnet med håp om å finne ein personen i live. Vi jobbar for harde livet for å finne han i live, sa Hallgrim Ous ved operasjonssentralen i Gudbrandsdalen til Dølen tysdag morgon.

Nytt funn utpå dagen

Klokka 14 tysdag kunne politiet bekrefte at også den andre mannen var funne død.

- Mannen vart funne nord for Øyvassosen, litt aust for den fyrste funnstaden, seier Ous til Dølen. Mannen skal ha vorte funne i vatnet ikkje så langt frå land.

- Båten har gått rundt. Dette er eit vatn med mykje stein og skjer, båten hadde motor men den er borte, og det er grunn til å tru at dei har vore nedpå eit skjer, seier Ous vidare.

Dei to mennene reiste opp til ei hytte vi området søndag efta. Måndag kveld klokka 23 vart politiet varsla av pårørande som etterlyste mennene, fortel Ous.

Politiet bekreftar overfor Dølen at ein av menne er heimehørande i Midt-Gudbrandsdalen, den andre i Nord-Gudbrandsdalen.

Dølen kjem attende med meir.