Fredag kunne teatereldsjel Torill Sperre lene seg godt attende i publikumsstolen. I eit over to timar langt program med innslag frå eit breitt spekter av kulturlivet i Midtdalen, vart ho heidra for sin innsats og sin 'passion' for kulturlivet i Nord-Fron.

- Drømmane våre gjer ho til magi, var ei av strofane i sangen Peer Gynt teaterlag og barneteateret hadde laga i høve utdelinga.

Lang teater-cv

I takketala si kunne ho konstatere at programleiar og tidlegare barneteatermedlem Andrea Rudland Haave hadde kome langt unna striesekkostyma det vart eit gjensyn med på scena.

- Vi skal heidre ein person som har gjort ein imponerande innsats for Kulturlivet i Nord-Fron, og for mange enkeltpersonar, for mange barn og unge, starta ordførar Rune Støstad tala si med, og konstaterte at det ikkje var mogleg å ramse opp alt.

Lista vart likevel lang, for Sperre har både starta og vore med på ein heil del av det som har skjedd med kultur, og da særleg teaterkultur, ikkje minst for barn og unge, i Nord-Fron.

Radio, barneteater, vaksenteater, kunstskule for barn, vinterfestveke og revy, for å nemne noko. Og i mange roller, både som frivillig, styremedlem, produsent, instruktør, regissør og leiar for teaterlaget. Den rolla har ho også framleis.

- Vi kunne sikkert fått litt betre kostymer enn dette, hvis vi berre hadde spurt Torill, meinte Andrea Rudland Haave og Stian Stø Dørum, som hadde sett saman innslaget med helsing frå Peer Gynt teaterlag.

- Ho seier alltid; jamen detta ordner vi. Som eigentleg betyr, detta ordnar eg, siterte dei.

- Om eg vart litt sett ut da leiar for HOK ringte meg i september, er eg enda meir sett ut nå, og litt overvelda. Eg er veldig glad, stolt og audmjuk - teater har vore ein del av livet mitt så lenge eg kan hugse, takka ho.

Sperre seier etter kulturkvelden til Dølen at ho har fått att så mykje glede og latter.

- Det er så gøy å få oppleva gleda og samspelet, spela kvarandre gode, det er både frigjerande og moro, seier ho.

Kulturprisvinnaren i Nord-Fron får diplom og ein sjekk på 25 000 kroner.

- Prisen blir delt ut kvart år til ein person, lag/forening eller institusjon som har gjort ein ekstra innsats for kulturlivet. Prisen kan gå til nokon som har gjort ein stor innsats over lang tid eller til nokon som har stått for spesielle enkelttiltak, heiter det i retningslinene for prisen. Det er utval for Helse, oppvekst og kultur (HOK) som kårar vinnaren.