Slikt vedtak om skilting har vore gjennomført i fleire vintrar. Grunnen er at villreinstamma skal vera mest mogleg skjerma frå ferdsel med utgangspunkt ved fylkesveg 27, i perioda midt på vinteren.

Tre månader

Forbodet tek til å gjelde frå 19. desember, og tre månader framover, og vil bli merka med soneskiltet stans forbudt - 0-14 km, med underskilt "sårbart villreinområde".

Tanken er at ein på denne måten unngår at folk stoppar langs vegen for å gå på ski inn i leveområda til villreinen.

- Dette stoppforbodet kom som eit initiativ frå miljøvernavdelinga i Oppland fylkeskommune i si tid, seier sakshandsamar hjå Statens vegvesen, Sveinung Bakken.

Ordninga har gått sidan 1992, og var ei forutsetning for at fylkesvegen kunne vinterbrøytast i følge plan- og miljøavdelinga hjå fylkeskommunen.