Nytt parti - ny logo:

Fredrik har laga Alliansen-logoen

Eit nytt politisk parti såg dagens ljos denne veka. Bak logoen til Alliansen – Norge ut Av EØS står ein sindig sødorping.

Fredrik Sandbakken frå Vinstra er mannen bak den grafiske profilen til det nystarta partiet Alliansen - Norge ut av EØS.   Foto: Ole Magnus Røen/arkiv. Montasje: Dølen

Skjermdump frå nettsida til det nye partiet.   Foto: Skjermdump.

Nyheter

Ei oppklaring aller fyrst. Partiet Alliansen – Norge ut Av EØS, som vart lansert denne veka, er ikkje det same Alliansen som tidlegare har vore under planlegging men som denne veka vart skrinlagt. Partiet som fyrst vart omtalt etter eit møte der fleire FrP-politikarar og den kjende islamkritikaren Hege Storhaug var til stades.

Bak det nye partiet, Alliansen – Norge ut Av EØS, står Norges mest kjente Trump-tilhenger, Hans Lysglimt Johansen.  Det er ingen samanheng mellom dei to partia.

Likevel: Ein fellesnemnar for dei to «alliansane» er ein anna sødorping: Mikkel Dobloug.

– Den nye Alliansen kjøpte heile designpakka, nettsider og alt frå den andre gruppa. Fredrik sitt firma har fått kontrakten med den nye Alliansen og eg har vorte bede om å bistå dei med strategi etc. Eg har møte med Lysglimt på måndag, da vil eg bestemme meg for om eg tek oppdraget, forklarar Mikkel Dobloug til Dølen.

Fjellstø logo

Fredrik Sandbakken frå Vinstra driv firmaet Sandbakken design.  

– Eg vart oppringt av Mikkel Dobloug og dei ville ha ein logo til det nye partiet. Slagordet deira «Vi står fjellstøtt», var det einaste eg hadde å jobbe ut frå, og da dukka fjellet opp ganske fort eigentleg. Designmessig så står den sterkt. Den er enkel, noko som er veldig viktig. Og den er stødig – akkurat som fjell skal vera. Da er også ein logo som forbindes med det tradisjonelle og norsk natur, seier Sandbakken til Dølen.


Blir lagt merke til

De kreative damene i Vinstra-firmaet Krible design har fått diplom for sitt arbeid.

 

Han fortel at han har jobba mykje og lenge med prosjektet, som vart sett i gang i sommar. Det er Sandbakken design som har hatt ansvaret for heile den grafiske profilen til Norges ferskaste politiske parti.  

– AP og SP og FrP for eksempel har relativt ikoniske logoar – godt kjend for folk flest. Har du tenkt noko på det når du laga logoen for Alliansen?

– Ja, vi har testa logoen ved sidan av dei andre politiske partia sine logoar, og syns den står godt, og den skil seg ut, seier Sandbakken.

EØS-saka

Mikkel Dobloug, tidlegare kommunestyrepolitikar for Venstre i Nord-Fron, presiserer at han ikkje har vore initiativtakar, slik NRK har skapt eit inntrykk av, heller ikkje politisk engasjert i det skrinlagte partiet Alliansen, men var leigd inn som konsulent for å gjere ein jobb med strategisk analyse, samt konseptutvikling.


Så mykje kostar GEs nye logo og profil

Kraftselskapet lanserer ny logo i samband med 100-årsjubileet.

 

Men han er ikkje avvisande til å jobbe med vidare med det nye partiet Alliansen – Norge ut av EØS, som har EØS-saka som einaste fanesak.

– EØS-saken er også noko som eg er opptatt av, så der har eg mykje å bidra med. Om vi blir einige vil eg jobbe med Alliansen vidare, strategi er noko eg jobbar mykje med til dagleg, avsluttar Dobloug.

Alliansens primære mål er ifølgje stiftaren Lysglimt Johansen å samle nok underskrifter til å kunne stille liste til Stortingsvalet i 2017. For å oppnå det treng dei 5000 underskrifter. 


Lokale kaster seg på trenden:

Black Friday eller Grønn fredag?

Butikkene byr på dagskupp på Black Friday, mens DNT byr på miljøvennlig alternativ.