Trond Halle song "Ut på ski", kjøpmann Simen Lostad fyrte av rakettar og ordføraren klypte snora da Vinstras nye storstue for handel offisielt opna onsdag.

For utbyggarane var det ein stor dag.

– Eg er den som har hatt den gærne ideen om å bygge denne vesle kiosken her, sa utbyggar Per Tore Teksum til applaus frå dei om lag 100 personane som hadde møtt fram til opningsfest hos Sport 1 på Vinstra onsdag morgon klokka 07.00.

Graderstokken synte minus elleve grader. Likevel var det kø utafor nybutikken.

– Vi har hatt nokre fantastiske entreprenørar, norske og utanlandske, som har klart å bygge dette på seks månader. 12 000 kvadratmeter med hus, det er heilt fantastisk, og det har nesten ikkje skjedd i Norge nokon gong før. Og det har vi klart på Vinstra, sa Teksum.

Godt samarbeid

Nord-Fron kommune fekk ros av utbyggar Per Tore Teksum.

– Nord-Fron kommune er ein av dei beste kommunane eg har samarbeidd med nokon gong. Heilt fantastisk, og ekstra gledeleg at ordføraren er med og ønskjer folk velkomen til ein heilt ny handelskvardag i Gudbrandsdalen, sa Teksum, før han gav ordet til ordførar i Nord-Fron, Rune Støstad, som fekk æra av å klyppe snora.

– Dette er ein stor dag for Vinstra, og for heile regionen, sa Støstad. - Maken til utbyggging har vi knapt sett maken til, og det er ekstra spennande sjølvsagt at det skjer her på Vinstra, her vi bur.

– Nå blir det opp til oss alle saman å bruke mykje pengar framover, både her og på andre butikkar på Vinstra, sa AP-ordføraren.

Lokale investorar

Dei lokale investorane, Simen Lostad og Kristian Opsahl, fekk også skryt frå ordføraren.

– Det er kjempefint for Nord-Fron kommune å ha lokale investorar som vil vera med på slikt. Det et vi umåteleg stor pris på, sa Støstad.

Ein kjem heller ikkje utanom å nemne ny E6 når det handlar om nyetableringane i Lomoen.

– Det er ei ny tid som startar på Vinstra i dag. Ny E6 opnar om atten dagar. Den nye vegen har gitt oss nye moglegheiter, og det er noko av det vi ser sporet av i dag, sa Støstad.

Størst mellom Hamar og Trondheim

Om kassa ikkje akkurat gjekk varm i minusgradene onsdag morgon, var det bra med trøkk da snora omsider bvart klyppt. Den nye butikken er med sine 1000 kvadratmeter den største sportsbutikken mellom Hamar og Trondheim. Butikkeigar Geir Husum opna med dette sin tiande Sport 1-butikk, og er optimist med tanke på titda framover.

– Det bur rimeleg mykje aktivie folk på Vinstra og i omegn, i tillegg har ein både ein stor hyttemarknad og mange tilreisande, så det er eit svært spennade marknad, konstaterer Husum overfor Dølen.

– Har de gjort noko marknadsudersøking i fokant av etableringa?

– Nei, det har vi ikkje. Vi fekk tilbodet etter at ein anna butikk trekte seg ut, og takka ja kjapt. Men eg meiner det er marknad for sportsbutikk her.

– Kva syns du om oppmøtet i dag?

– Vi hadde forventa ein del folk, men dette var jo veldig bra da, særleg med tanke på at det nettopp har vore Black Friday og mykje salg rundt omkring.

– De får med dykk julehandelen?

– Ja, det er eit gunstog tidspunkt å opne sportsbutikk på. Vinteren er godt i gang, det er skiføre og kulde, seier Husum.

Ut på ski

Og apropos skiføre – Trond Halle song, ikkje uventa, "Ut på ski" før opninga. Og folk song med, sjølv om sjølve handelen nok frista meir enn allsong på morgonkvisten!

Ordførar Rune Støstad klyppte snora og slapp folk inn i den størte sportsbutikken mellom Hamar og Trondheim. Foto: Bjørn Sletten