Brannvesenet fekk melding om brannen klokka 03.00 natt til tysdag. Dei fekk fyrst beskjed om at det var sjølve hotellet som brann, men fekk avkrefta dette ved ankomst Rondablikk. Da var det full fyr i brakkeriggen, som ligg eit steinkast frå hotellet.

I følgje Dølens reporter på staden skal heile brakkeriggen, beståande av mellom 50 og 60 brakker, eit bustadhus, eit bygg til, samt ein bil vera fullstendig nedbrent.

Hotellet berga

Nå pågår etterslokking. Brannvesenet opplyser til Dølen at det kjem til å brenne der lenge, og brannvesenet vil vera der med to tankbilar heile dagen. Da brannvesenet kom der var tre bygg overtent.

Brannvesenet skal ha berga ein garasje i nærleiken, ein skigarasje og ei hytte. Heldigvis stod vinden vekk frå sjølve hotellet, slik at det vart berga.

Les meir i papirutgåva torsdag 5. januar.

Brakkeriggen slik den såg ut før brannen. Foto: Thomas Pettersen