Årets curling-vinnarar på Fefor:

Frå dans til "is-dans"

Mange var imponert over dansegruppa ManHood, som var med på Loftet dansestudio si semesteravslutning før jul. Sjøl spurte dei; kva nå? Svaret vart curling.

Her har ManHood fått trofeet etter seier i Fefor Høifjellscurling.  Foto: Privat

Nyheter

Med dansesemesteret overstått, måtte gutta i ManHood finne på noko anna, og løysinga var nær.

- To av oss var med på curling-mesterkap på Fefor i fjor, og det var dei andre gjerne med på, seier Eskil Hovland, ein av medlemmane på det danse- og curleglade laget frå Lia i Sør-Fron.

Årleg mesterskap

Laurdag starta Fefor høyfjellscurling, ein cup med start klokka ni om morgonen og innlagt kål-pause. Arrangementet går kvart år, arrangert av Fefor høgfjellshotell.

Og gutta i ManHood dro i land seieren i årets cup, framfor eit entusiastisk publikum. Det vart til og med ein dans til ære for publikum, etter sterk oppfordring frå speaker.

- Kva var vinnartaktikken?

- Gode førebuingar både mentalt og fysisk, samt god lagånd og ein positiv tone, slår Hovland fast.

Heile laget besto av Lars Træet (skip), Vidar BAkken, Lars Eirik Kristiansen og Eskil Hovland.


Sterkeste hånda i Norge

Robert Stakston fra Sør-Fron ble i helga norgesmester i håndbak.