Det er uunngåeleg når ein kjem frå Kvam og skriv ei novelle som heiter «Flaumen», at assosiasjonane går til flaumane som råka bygda hardt i 2011 og 2013. Likskapstrekka med flaumane er også til stades i Therese Tungens novelle.

– Men det er litt skrudd opp. Det er ganga med hundre, seier Therese Tungen.

Eit mørke

For det er ei mykje større katastrofe som har råka denne gongen. Det er dommedagskjensle. Oslo ligg heilt under vatn. Mange har døydd.

– Når eg begynte på den novella hadde den fyrste flaumen vore. Den kjendest dramatisk den gongen. Men mens eg skreiv vart bygda ramma av ein ny flaum, som var mykje, mykje verre. Den forandra landskapet, hus hang og slang, nokre stader vart ubeboelege. Historia handlar om naturkreftene, men vel så mykje om dei einaste som er att etter flaumen: Ein kar og dottera hans, som han ikkje klarar å ta vare på. Ho handlar om kva katastrofen og presset gjer med dei, fortel Tungen.

Andre sida av bordet

Ho jobbar nå i sitt tredje forlag, som redaktør.

– Korleis er det å sitte på andre sida av bordet?

– Når eg sendte inn manuset til forlag, var eg så nervøs at eg nesten gret. Fordi for meg stod det så mykje på spel. Om eg ikkje fekk det til nå, kunne eg da nokon gong bli ein forfattar? Kunne eg sende inn på nytt, seinare, liksom? Det å vente på svar, og sjå korleis dei som er i same bransje som meg såg på skrivinga mi, og på meg, for dette er jo personleg. Det var skikkeleg nervepirrande.

Les heile intervjuet i papirutgåva av Dølen 26. januar.

"Ein gong var dei ulvar" blir gitt ut av Aschehoug forlag. Foto: Aschehoug forlag.