Arveidet med tunnelen har vore i gang sidan hausetn 2015, men allereie sommaren 2016 vart det klart at arbeidet med tunnelen som skal gje sikrare veg til Skåbu, vart meir komplisert enn fyrst antatt.

Her kan du sjå vegvesenet sin film frå området:

Tunnelarbeidarane har møtt på mykje dårleg fjell, til dels jord, og fekk problem med innsig av vatn.

Tunnelen som er om lag 250 meter lang, inkludert portalane, skulle etter planen vera ferdig sist i oktober. Slik gjekk det ikkje, og før jul konstaterte byggeleiar Rune Dahl overfor Dølen at ein måtte smørje seg med tolmod.

– Nå har vi sagt 20. februar. Det er den siste datoen vi har fått frå entreprenørane, og det ser ut til å skulle gå, sa Dahl til Dølen i november.

Opnar 7. februar

Men nå blir det opning før tida: 7. februar inviterer vegveigar Oppland fylkeskommune og Statens vegvesen skåbyggingar, tverrbygdingar og andre til tunnelopning.

– Tysdag 7. februar opnar 4,7 km ny og utbetra veg forbi rasfarlege Høgberget på fylkesveg 255 i Nord-Fron. Alle er velkommen til å delta på opninga, skriv Statens vegvesen på Facebook.

Bildet syner nørdre tunnelinnslaget, nord for Høgberget. Foto: Statens vegvesen