Voldsrud stilte gjerne opp når ordførar Arne Fossmo tok med stortingsrepresentant Tore Hagebakken for å sjå det førebelse resultatet av spleiselaget.

- Eg må serie det er imponerande å ha fått dette på plass så fort, med bidrag få så mange aktørar, seier Hagebakken.

Vinn-vinn

Omkøyringsvegen med flaumvollen er eit klassisk kinderegg.

- Med vegen her sikrar vi over 100 arbeidsplassar mot flaum, får betre trafikksikkerheit i Fåvang og med framtidig flaumstengt E6 ei anna moglegheit til omkøyring enn gjennom Fåvang, seier Arne Fossmo.

I tillegg til Fåvang sag ligg Morken Betong og Horten med hytteproduksjon innanfor flaumvollen. Bedriftene har også bidrege med finansiering og avstått areal. På innsida av vollen/vegen blir det også regulert nye næringsareal, som i følge ordføraren allereie er ettertrakta.

Kommunestyret i Ringebu gjorde i fjor vedtak om at bygging skulle i gang i januar, utan at finansieringa var på plass frå regionale og statlege myndigheiter. Før jul kom imidlertid omsøkte midlar frå Fylkeskommunen på plass, og etter påtrykk frå administrasjon og politisk hald i kommunen, fekk ein også svar frå NVE med løyving rett før jul - i staden for i februar som antyda.Til saman kjem kostnadene på vel 30 millionar kroner.

Måtte på plass

Dagleg leiar på Fåvang sag, Rune Voldsrud, er klar på at konstruksjonen som nå tek form utanfor sagtomta var eit vera eller ikkje vera for bedrifta med 37 tilsette og ei omsetning som i fjor passerte 200 millionar kroner.

- Utfordringa var at ein flaum til kunne gjeve kroken på døra, seier han.

Uansett kva ein får att etter eit forsikringsoppgjer er det store tap i samband med flaum, og forsikringsselskap hadde gjeve signal om at det ikkje burde koma ein gong til.

- Dessutan ville det bli vanskeleg å få styret med på framtidige investeringar utan å ha denne sikkerheita, seier han.