Opna hotellet fredag:

Vegparken er komplett

Det skulle ta hundre og femti år før Peer Gynt fekk eit hotell oppattkalla etter seg på Vinstra, men nå står det her.

Varaordførar Anne Sletten ytra glede over å få eit byhotell til supplement for fjellhotella i området. Ho sto for den offisielle opninga av Peer Gynt hotell og spiseri fredag.  Foto: Guro Vollen

Nyheter

Kjøkkenet har vore i gang sidan måndag, og heile veka har det vore hektisk aktivitet også alle andre stader på Peer Gynt hotell og spiseri, som opna med brask og bram fredag.

Ferdig park

Med hotellet og restauranten/kafeen har den siste brikka i vegparken fulle på plass, med trailerlounge og plass til yrkessjåførar, til bussar, plass til vanlege vegfarande, barn som treng leikepause.

Jan Kåre Gundegjerde varaordførar Anne Sletten sto for den offisielle opninga. Ho var glad for at byen endeleg har fått eit hotell som supplement for dei på fjellet.

- Opninga avrundar Vinstra vegpark, og det har vore mange lokale leverandørar, noko kommunen tykkjer er svært gledeleg, og som har gjeve stor lokal verdiskaping. Her er det også 20 heil- og deltidstilsette, takk til arbeidet de allereie har gjort, og eg gler meg til å følge dykk vidare. Takk også til investorane som har sett potensialet og som har satsa. Vi er sikre på at Vinstra har det som trengs, vi har folka, vi har vilje og vi har entusiasme, sa Sletten.

Til informasjon

Kommunen har sjølv leigd seg inn ved hovudinngangen, i eit rom på 57 kvadratmeter som skal huse aktuelle tematiske utstillingar forutan informasjon om kommunen. Tanken er at ulike delar av nærigsliv og reiseliv kan bruke det som eit utstillingsvingdauge.

Allereie nå kan driftsselskapet syne til bra med bookingar i sommar, og det frå heile verda.

Peer Gynt er ein gjenganger i utsmykkinga så vel som i namnet, og dagleg leiar Marit Lien i Peer Gynt AS, fortalde at dei har fått høve til å legge ut bøker på alle rom, og at dei ser fram til eit framhald i samarbeidet.

- Slik binder vi fjell og dal saman på ein god måte, og vi ser stolte over å smykke areala her med bilde frå våre tidlegare produksjonar. Det skal bli meir å samarbeide om også i framtida, seier ho.


Hektisk innspurt

Torsdag var staden som ei maurtue, med skiltmontering, skuffing av snø og is på parkeringsplassen, montering av dei siste møblane og vasking og klargjering på dei siste romma.

Samstundes som kjøkkenet var i full gang med å klargjera alt til publikum, som kan gå inn dørene fyrste gong fredag ettermiddag.

Ved opning er Vinstra vegpark ferdig med dei fasilitetane som er planlagt. Hotellet og spiseriet er siste etappe på vegparken, og her har  også yrkessjåførane har fått sitt eige kvilerom med dusj, eit enkelt kjøkken og vaskemoglegheiter.

Ute er det ein opparbeid leikepark, og i tillegg er bensinstasjonen og langtidsparkeringa for vogntog ein del av vegparken.

Les også om hotellopninga i neste Dølen.