Tomter er ein av verdas fremste bratsjistar, og starta kammermusikkfestivalen i Risør for 26 år sidan.

Tysdag var Tomter og støttespelarane hans på befaring i Midtdalen, dit dei tek med seg fleire tiårs kompetanse og nettverk for å skape eit nytt tyngdepunkt for internasjonal klassisk musikk.

– Vår ambisjon er at den neste destinasjonen for verdseliten innafor den klassiske musikken er Gudbrandsdalen og Sør-Fron. Korleis vi skal få det til å skje, er det vi skal klekke ut nå, seier Eirik Øiestad frå kommunikasjonsbyrået Släger.

Musikk og matopplevingar

Han er ein av ein handfull støttespelarar med til dels svært ulik kompetanse, frå juss til marknadsføring og musikkproduskjon, som saman med Tomter og hans nære samarbeidspartnar, musikkprodusenten Sean Lewis, set seg fore å starte ein ny arena for klassisk musikk og matopplevingar i Midtdalen.

I tillegg til ein kunstnarisk leiar skal festivalen også få ein kulinarisk leiar, som skal sørge for lokal mat med same høge klasse som det kunstnariske innhaldet.

– Kvifor Midt-Gudbrandsdalen?

– Vi spurte oss kva er den mest spennande regionen i landet akkurat nå? Da landa vi på Gudbrandsdalen. Her er det store moglegheiter for å hente eit internasjonalt publikum – og dei kjem for å høyre musikarane Lars Anders og Sean klarer å hente, seier Øiestad.

– Denne dalen har så mykje å by på. Her har ein kulturlandskapet og mattradisjonane. Området her er unikt, og den storslåtte dalen passar perfekt for slike musikkopplevingar vi ønskjer å gi publikum, seier Lewis og Tomter.

– Kjernen er sjølvsagt den klassiske musikken. Vi tenkte at her må vi berre få til noko, legg Lewis til.

Namnet på det nye konseptet blir Mountain Classics.

– Vi har allereie ein festival som går på lufta i sommar under Vestfoldspillene, Fjord Classics. Neste skritt er frå fjord til fjell, seier Lewis.

Ein ledig plass

Støttespelarane meiner Lewis og Tomter representerer eit unikt nettverk for å kunne lage eit kunstnarisk program i ypparste verdsklasse innafor klassisk musikk.

Den slags gjennomføringskraft appelerer også til kulturlivet i Midtdalen.

– Her finst det ein ledig plass i det gudbrandsdalske «kulturlandskapet». Dette er ein sprek start som eg har tru på, seier Øystein Rudi til Dølen. Førebels er ingenting spikra, men Rudi Gard kan bli det geografiske navet i ein ny festival, saman med Gudbrandsdalsdomen, Sør-Fron kyrkje. Tysdag var delegasjonen både i kyrkja, i Rudi-låven og i Ringebu stavkyrkje.

Tårer i augo

– Dette er svært spennande planar, som vi må ta i mot med opne armar, seier reiselivsansvarleg i Oppland fylkeskommune, Liv Bjerke til Dølen.

Også sørfronsordførar Ole Tvete Muriteigen er begeistra over planane.

– Dette er musikk i øyro, for vi er veldig opptekne av at det skal skje noko i dalen vår. Det er jo nesten så ein får tårer i augo når ein høyrer dei snakke om dalen vår på denne måten, seier Muriteigen.

– Vi er heilt i startgropa, og vi veit ikkje riktig når dette kjem til å skje, men ja, det kjem til å skje, avsluttar Tomter og støttespelarane.