Under det årlege landsmøtet for lokalaviser fekk Dølen, som ein av tre lokalaviser i landet, heiderleg omtale.

I juryens grunngjeving står det:

Dølen er ei avis for døl og dal. Ho er innbydande og inviterande- med glimt i augo og overskot. Redaksjonen imponerer med kreative løysingar og byr på eit rikhaldig innhald. Juryen merkar seg visuelle høgdepunkt som er på linje med det beste blant dei største. Også reportasjane er gjerne tette og nære, og difor engasjerande. Juryen smiler dessutan breitt over tidenes eigenannonse før sommarferien, og tykkjer den fortel mykje om avisa sin eigenart. Nettsida er tydeleg. fin og speglar avisa sine sterke eigenskapar på ein god måte.

- Dette er utruleg morosamt!, seier redaktør Bjørn Sletten.

- Vi er ein liten redaksjon, men eg har ivrige og engasjerte medarbeidarar som veke etter veke, står hardt på for å lage ei god lokalavis for døl og dal. Da er det moro å sjå at også andre set pris på den jobben vi gjer kvar dag. Dette er ein inspirasjon til å halde fram med å fortelje dei gode historiene, skrive om det som folk i Midtdalen bryr seg om og er opptekne av. Vi er utruleg stolte og glade for denne prisen, legg han til.

LLAs landsmøte

Heile Dølens redaksjon mottok hyllesten framfor 250 avisfolk i Haugesund.

Sunnhordland er Årets lokalavis Sunnhordland er kåret til Årets lokalavis. LLAs jury delte ut heiderleg omtale til Dølen, Suldalsposten og Hallingdølen.

Ein svært glad Dølen-redaksjon på landsmøtet! Foto: Laila Borge/LLA