Humpete, holete gangvegar, med ein høgdeforskjell på fleire titals centimeter, er det som møter fotgjengarane på fortauet gjennom Skåbu sentrum.

– Bygdautvalet har fått henvendingar frå både fastbuande og hyttefolk om at dei vel å gå utafor fortauet. Ikkje kjem folk i rullestol seg fram, og med rullator og barnevogn er det krevjande, seier Steinar Veslum i Skåbu bygdautval til Dølen.

For turistbygda Skåbu, spelar utsjånad trass alt ei rolle.

– Det ser skrøpeleg ut. vi er ei turistbygd, og da må det bli helde ved like. Det er ikkje triveleg å ta i mot turistar til dømes om sommaren under «Liv låggå», når det ser slik ut, seier leiar i bygdautvalet, Elisabeth Brumoen.

Berg- og dalbane

Det er ikkje berre fortauet gjennom sentrum som er stygt og dårleg. Også fleire av dei kommunale vegane i bygda ber preg av manglande vedlikehald, hevdar bygdautvalsmedlemane.

– Ein treng ikkje reise til Hunderfossen for å få kjørt berg- og dalbane, slår Johnny Berglund fast, og syner mellom anna til den kommunale vegen ned Slangslia. I tillegg peikar bygdautvalet på Austlivegen, Smiuvegen og ikkje minst Baklivegen som problemvegar.

– Her er det store hol og humpar. Både utsjånadsmessig og bruksmessig er det ganske håplaust, seier eit samstemt bygdautval.

Positiv utvikling

Nå håper dei kommunen tek tak.

– Vi kan til tider føle oss litt glømt her i Skåbu, og det er synd at det skal vera slik. Bygda er i ei positiv utvikling, snart onar Skåbu hotell i sentrum, og har etterkvart fått eit godt rykte som turiststad. Da håper vi også at kommunen tek ansvaret sitt, avsluttar Steinar Veslum.

Nord-Fron kommune har ikkje hatt anledning til å kommentere saka.