Dei tre er ny styreleiar Kjetil Høye Sviland frå Timbr, Per Henry Vassdokken frå Jeva Håndverk og Morten Randen frå Nordbohus. Avtroppande styreleiar Anni Byskov frå Annis pølsemakeri held fram i styret, der også Hege Anita Tveit frå Tveits smie og Ola Stormorken frå Tiller Vimek er medlemmar.

Styrkar laget

Tidlegare styremedlem Anni Byskov og dagleg leiar i MGNF Frank Asle Mathiesen er glade for å få med TIMBR-partnaren og seniorrådgjevaren med på laget.

- Kjetil si erfaring med kommunikasjon, media og påverknadsarbeid kjem definitivt alle medlemmane av næringsforeninga til gode, seier dei i ei pressemelding torsdag.

Sviland seier han vil jobbe vidare med å finne dei viktigaste sakene for næringslivet i Midtdalen.

– Dei sakene som berører alle medlemmane, som får verknad direkte på botnlinja i selskapa, om vi greier å få gjort noko med dei, seier Sviland til Dølen fredag.

Fokus på rammeverk

Han tykkjer det er tidleg med ei programerklæring før han har drøfta konkrete ting med styret, men kan med ein gong slå fast at mykje vil dreie seg om rammevilkåra for bedriftene i Gudbrandsdalen, og da ikkje minst infrastruktur som veg, bane og internett.

- Der er det heilt klart mykje å ta tak i, for det er ting som er forretningsmessig kritisk for verksemdene, anten det gjeld for å få folk inn og varer ut og inn til området, seier Sviland.

Han går til oppgåva som styreleiar med audmjukheit og spenning, og er glad for å ha med seg fleire erfarne folk i styret.

- Vi gler oss til å legge brikkene for prioriterte oppgåver vidare, heiter det i pressemeldinga.

Sviland har bakgrunn nå sist frå hovudorganisasjonen Virke, der han hadde jobben som kommunikasjonsdirektør.  Han har også bakgrunn frå media, mellom anna som reporter og prosjektleiar i frå NRK og TV2. Sviland driv saman med kona Siv Sviland Høye Timbr AS i Ringebu, eit selskap som mellom anna driv med leiarutvikling og kommunikasjon.