Ny dirigent og resirkulerte korpsmusikantar har gjeve ei renessanse for Vinstra musikklag, som er oppe i 25 medlemmar etter fjorårets nedtur, der dei ikkje greide å stille korps til 17. mai.

Oppvekkar i fjor

– Ja 17. mai i fjor var ein liten oppvekkar, seier Hanne Hvattum, som er ein av dei «resirkulerte» korpsmusikantane.

For hennar del er det tjue år sidan sist ho var med i korpset. Likeeins er Hanne Søberg Torgersen ny-gamal musikant, som var med i skulemusikken for fem-seks år sidan, og rett og slett fekk lyst til å ta til igjen.

– Nå er vi som regel 17-18 medlemmar på øvingane, seier dirigent Pål Martin Enstad Hansen.

Han køyrer kvar måndag frå Hamar til Vinstra på øving, men ser ikkje det som noko problem.

– Med kjøringa blir det som ein vanleg arbeidsdag, seier han.

Eigenrekruttering

Med den nye dirigenten har dei sidan august i fjor hatt ei intens periode med medlemsrekruttering. Utan rekrutteringsselskap, vel og merke - dette har medlemmane med framsnakking av ny dirigent og fordelane med å spela i korps, greid heilt på eigenhand. Det har også vorte konsertar og fleire oppdrag på betalte private arrangement.

– Nå skal vi fyrst ha konsert på ettermiddagen 1. mai, så skal vi på korpsstemne på Tynset i juni og Mjølbøla-konsert med Arve Tellefsen i haust - forutan 17. mai, sjølvsagt, seier leiar i laget, Tove Marie Solli.

Saman med dirigenten understrekar ho at dei er heilt klare for mange fleire medlemmar også.

Det skal ikkje mangle på korkje instrument, notekurs eller sosialt nettverk.

– Det er jo så sosialt å spela i korps, og moro å spela på lag med andre, seier Solli.

– Så interesserte kan berre møte opp for å ta mål til uniform?

– Jada! Vi er skikkeleg i siget, og føler absolutt vi er på oppadgåande, seier Hansen.

dream team: Dirigent Pål Martin Enstad Hansen og leiar Tove Marie Solli har både plass, notekurs, uniformer og instument til fleire medlemmar i Vinstra musikklag. Foto: Guro Vollen