For dei innrømmer at det har tatt tid, Trond Halle og gitarist og produsent Bent Bredeveien.

– Eg meinte vi begynte med innspelinga i mai 2016, men eg har etterkvart funne ut at det var i 2015, smiler Halle.

Men så var det dette med den som ventar på noko godt, og så vidare ...

– Eg trur ikkje plata har vorte noko låkare av at vi har brukt litt tid, seier Halle.

– Ein kolossal jobb

Den som kanskje har vore tettast på, og brukt mest timar på plata «Bli der e e», er Bent Bredeveien, sørfrøningen som ikkje berre trakterer gitar i Baksia, men som også har produsert plata.

– Eg må få trekke fram Bent. Han har gjort ein kolossal jobb med produksjonen som ger at Baksia hever seg nokre hakk denne gongen, seier Halle.

– Det har blitt nokre timar, ja, seier Bredeveien.

– Og mange av låtane har fått lov til å modnast undervegs i prosessen. Sume av dei har vi også spela ute for folk, og slik sett fått testa at vi er på rett spor, seier han.

God respons ute

Og publikumsresponsen er viktig, seier låtskrivar Trond Halle – og det gjeld også på det nye låtmaterialet.

– Det er jo utruleg artig når folk er med på allsang da. Og når vi har spelt nye låtar får vi ganske fort god respons på dei au. Av og til kan ein kanskje tenkje at det hadde vore moro å spele meir nye låtar, men det er morosamt å spele dei gamle låtane au. Og vi er jo ganske bortskjemt med publikum da, smiler Halle.

I tillegg til Bredeveien og Halle er det tre andre faste medlemar i Baksia som har bidratt med låtar på den nye plata, Vegard Moshagen og Pål Erik Jensen. Sistemann, trommeslagar Kai Harald Skriubakken, har ikkje skrivi nokon låt.

– Men han bidreg på så mange andre positve måtar, seier Halle og Bredeveien som også har med seg Randi Marie Steig på vokal, i tillegg til blåserekke på ein låt. Låtskrivarhjelp har dei også fått, Staut-komponist Ørnulf Dyve har bidratt på tre av låtane på plata, blant anna tittelkuttet «Bli der e e».

Personlege tekster

«Bli der e e» er ein av mange på den nye plata der Trond Halle byr på seg sjølv – kanskje meir enn tidlegare.

– Den låten handlar vel om å klamre seg til livet, og om å ta eit valg skal eg bli eller reise..

Etterkvart fann han ut den same tematikken går att i fleire av tekstene. Det kan handle om bli eller reise både geografisk eller mentalt. Dermed vart «Bli der e e» også ein naturleg tittel på heile plata. Men attåt alvoret er det også plass til humoren.

– Allereie på 70-talet begynte eg å dette av lasset, humrar Trond Halle. Betraktningar om å ikkje alltid klare å henge med på det nye vart til låta «Datt tå lasset», som blir den fyrste låta som blir sleppt frå albumet.

– Vi slepper den låta, allereie nå på fredag. Deretter slepper vi ein låt i veka fram mot platesleppet på Rudi gard 5. august, seier Bent Bredeveien. På Rudi blir det den sedvanlege Baksiafesten på kvelden, men fyrst blir det familiekonsert med plateslepp.

– Og musikalsk er Baksia framleis til å kjenne att?

– Det er vi, men musikken på pata spenner ganske breitt. Vi som spelar i bandet i dag er fødd i fire ulike tiår, og noko som sikkert har sett sitt preg på det musikalske uttrykket, seier Halle og Bredeveien. Det fullstendige resultatet får publikum altså 5. august.

– Det er eit bra låtmateriale vi har hatt å jobbe med, vi har kosa oss, avsluttar Baksi-karane.

Og det kan høyrest, Dølen har nemleg tjuvlytta, og kan avsløre at det lovar godt!

Trond Halle og Baksia kjem med ny plate i august. Foto: Bjørn Sletten