I finala møtte Emil Nyeng mellom anna Niklas Dyrhaug og Finn Hågen Krogh, og Nyeng låg på ein fin 2. posisjon, da det vart vel tett og den eine staven knakk.

- Da var han sjanselaus i det sterke startfeltet. Slikt skjer i sprint, skriv Ringebu Fåvang skiklubb på facebooksida si, og melder i tillegg at Emil ser på konkurransa som ei fin treningsøkt, uansett.

Langrennselita møttes til konkurranse etter sommaren, da Kirkebakken Grand Prix vart arrangert på Hamar i helga. Rulleskiløpet var ei fin moglegheit for utøvarane til å kjenne på konkurranseformen og det med eit publikum som trass i grått og regntungt vær, var ganske stort. Det var Finn Hågen Krogh som til slutt vann.