- Der Peer stort sett går utanom går SKAM tvers gjennom, sa leiar av stiftelsen Peer Gynt, Rune Støstad da NRK-serien fekk tildelt Peer Gynt-prisen.

Rune Støstad omtalte serien som Norges nye nasjonalepos.

Ina Svenningdal, ei av skodespelarane frå serien, var konferansier under utdelinga.

- For SKAM har det vore eit veldig stort ønske å vise fram verkelegheita til ungdom i Norge i dag, sa Svenningdal.

SKAM er den 47. vinnaren av Peer Gynt-prisen, og fleire av aktørane frå serien bidrog.

Statsministeren delte ut prisen

SKAM-skaper Julie Andem tek imot prisen frå statsminister Erna Solberg.

- Mykje er sagt om SKAM, og med god grunn. Det vesle universet med ungdom frå Oslo, tok fyrst Norge med storm - på tvers av generasjonar. Så tok dei Norden. Så vil amerikanarane lage sin eigen versjon. Det er rett og slett ein innmari god serie om å vera ung, sa Erna Solberg.

- For meg går det ei linje frå Peer Gynt til SKAM, sa Solberg, som drog parallellar mellom SKAM og Peer Gynt.

SKAM har vist fram det unge og det mangfaldige Norge, sa Solberg vidare, men peikte også på det universelle ved serien - slik Ibsens stykke også gjer det.

Dei verdiane som er ganske naturlege for oss, er ikkje nødvendigvis naturleg i resten av verda. Eg håper vi kan fortsette med å vise fram dei verdiane, og at andre kan kjempe for dei same verdiane, sa serieskapar Julie Andem.

Dølen kjem attende med meir.

Serieskaper Julie Andem tok imot prisen saman med delar av SKAM-gjengen. Foto: Bjørn Sletten