I Forskningsparken i Oslo sit 25 ungdommar i alderen 16 til 25 år og arbeider med dei store globale bærekraftsproblema. I grupper arbeider dei med tema som fattigdom, klima og energi, med mål om å finne gode løysingar for at verda skal bli ein bedre stad å leve i framtida.

Brenn for ei betre verd

Ungdommane, som er frå alle verdshjørner, er av dei mest engasjerte og nytenkande.

– Vi meiner at ungdom er dei som er best egna til å sjå løysingar på desse problema. Vår oppgåve er å legge til rette, slik at tankane og ideane blir sett ut i livet, fortel 21 år gamle Amund Grytting frå Harpefoss. Saman med med-studentar starta han i fjor programmet YSI, fordi dei meinte at ungdom fortener fleire moglegheiter til å påverke utviklinga.

– FN har 17 globale bærekraftsmål dei ønskjer å nå innan 2030. Ungdom brenn verkeleg for ei betre verd, og klarer vi å sette unge tankar saman med erfaring og kunnskap, kan gode løysingar for å nå desse måla kome fram, seier Grytting.

10 000 søkjarar

I fjor hadde YSI eit pilotprosjekt, før dei i år starta for fullt. Det enda med at 10 000 ungdommar frå heile verda søkte om å få vera med i programmet.

– Det var ein enorm respons, smiler Grytting, som fekk ein stor jobb med å velge ut 25 av dei beste.

– Søknadsprosessen var i tre delar, og endte med 25 deltakarar. Desse sette vi saman i fem grupper basert på kva dei brenn for, og sidan mai har desse jobba online med ei felles problemstilling, fortel Grytting.

Det handlar om å skaffe seg kunnskap, utforske, lage idear, utforme løysingar og konsept.

Satsar i andre land

Nå har ungdommane vore samla i Oslo i to veker, der dei har jobba med eigne konsept, og fått rettleiing og knytt kontakt med bedrifter og næringsliv elles.

– Ei gruppe har jobba med å

utvikle eit vassfilter, som skal vere så rimeleg at alle skal ha råd til det. Slik kan verda få lettare tilgang på reint vatn, fortel Grytting, som ikkje ante at YSI skulle skulle bli så stort.

– Formålet var å gjere noko, utan at vi tenkte forretningar, men det er givande å arbeide med så engajerte folk, og vi ser at det absolutt er noko å satse på framover. Vi har fem deltakarar i Oslo, som skal sette opp programmet i Kina, Singapore, Canada, Sør-Korea og Bangladesh. Men målet er ikkje å privat tene store pengar på dette, seier Grytting.

Mange unge talent

21-åringen studerer samfunnsgeografi, i tillegg til å drive YSI, som i dag har tre løna stillingar. Til og med statsminister Erna Solberg har hylla programmet, for måten dei legg til rette for unge gründere på.

– For å løyse globale utfordringar, trengs det eit globalt samarbeid. Slik kan ein finne gode løysingar. Ungdom er kanskje litt naive, men difor også meir opne for å sjå moglegheitene. I samarbeid med erfarne folk, med meir kunnskap, trur eg at ein kan få til kva som helst, seier Grytting.

Og målet er nettopp å få til noko konkret.

– Store selskap treng også å fornye seg. Ungdommane kan gje dei inspirasjon, og i YSI vil bedrifter ha tilgang på veldig mange unge talent, seier Grytting. YSI ønskjer å ha eitt globalt program årleg.

Ung gründer: 21-åringen hadde ikkje trudd at programmet skulle utvikle seg til å bli så stort. 10 000unge søkte for å bli med. Foto: Vilde Bang foss
Planar: YSI vil utvide, og til neste år kan dei også ha program i fem andre land, i tillegg til Norge. Foto: Vilde Bang Foss