Harpefoss sanitetsforening vil ut på tur, og dei vil ha med seg flest mogleg.

- Vi er kjempeheldige som har eit slik nærområde i Hardvollsmorka, med mange fine merka stier og råk, seier Anne Marie Brenden i Harpefoss sanitetsforening.

Denne veka starta dei det som skal bli fast kvar onsdag, og til trass for ein relativt regnfull dag, er det ingen sure fjes å sjå.

- Vi er oppmoda frå foreninga sentralt til å få i gang slike turar, og det gjer vi gjerne. Målet er samhald og bevegelse, som er bra for helsa vår, seier ho, og legg til at alle som vil kan vera med.

Ut på tur, aldri sur!